Hopp til innholdMeny

Skrive og referere

I høgare utdanning er det bestemte reglar for korleis teksten i ei oppgåve skal vera utforma. Det er krav om presis språkbruk, kritisk haldning i val av informasjonskjelder og korrekt tilvising til kjeldene som er brukt. Krava kan variere frå fag til fag.
Det finns fleire gode e-læringskurs om oppgåveskriving, til dømes VIKO (NTNU) og Søk og Skriv (NHH, UiB, HiB).

Retningslinjer for innlevering, og framsidemalar

artikkelteaser_mannleg student som skriv - ser skrått i kamera - liggand bilde_0.jpg

EndNote

Korleis endrar eg frå EndNote desktopversjon til EndNote online eller motsatt?

I Word, vel Preferences -> Applications  under EndNote-fana

Korleis få norske forkortingar i litteraturlista mi?

Last ned APA 6th - norsk frå HiOA.

Korleis vise til sidetal i ei sitering?

Edit & Manage Citation->skriv t.d. 8-13 i feltet Pages (når du brukar APA).

Eg ønskjer å ha berre årstal inne i parentesen i teksten min. Korleis gjer eg det?

I Word, ha markøren inne i siteringa/ parentesen du vil endre. Klikk Edit & Manace Citations. Under Formatting, klikk på den vesle trekanten ved Default og vel frå rullegardinmenyen som opnar seg.

Korleis slettar eg siteringar i teksten min?

I Word, ha markøren inne i siteringa/parentesen du vil slette, klikk Edit & Manage Citations, Edit Reference -> Remove Citation.

Korleis slå av EndNote-formateringa?

I Word, klikk på Convert Citations and Bibliography -> Convert to Plain Text. NB! Du kan ikkje angre på dette valet. Det kan vere lurt å gjere dette få dagar før du skal levere teksten din.

Kvifor får eg klammeparentesar med teiknet # istadenfor vanlege siteringar i vanlege parentesar?

I Word, sørg for at knappen Instant Formatting står på On.

Kva er EndNote?

Det er eit program som hjelper deg med siteringar og litteraturlister. Du finn meir informasjon om EndNote her.

Korleis skaffar eg meg EndNote?

Kontakt biblioteket ved lise.vik-haugen@hisf.no eller IT ved stian.stedje.hofslundsengen@hisf.no

Litteraturlister

Korleis viser eg til ei kjelde som eg har lese om i ei anna kjelde (sekundærkjelde)?

I den løpande teksten din fører du opp både opprinneleg forfatter og det verket du sjølv har lese, som viser til den opprinnelege forfattaren. Døme: Bowlby fant i 1990 (sitert av Sieger, 2002, s. 246) at det hele var... Oppgi kun Sieger i litteraturlista. I litteraturlista di set du berre opp den kjelda du sjølv har lese. Du bør så langt råd er, prøve å konsultere primærkjelda, då sekundærkjelda kan gje misvisande informasjon.  

Skal alle kjelder (bøker, nettsider, artiklar…..) førast opp samla i litteraturlista?

Ja, det er enklast for lesaren om alle kjeldene dine står oppført alfabetisk i same lista.

Korleis fører eg opp e-post, telefonsamtalar, intervju eller notat frå forelesingar m.m.?

Denne typen kjelder kan omverda ikkje få tak i. Desse kjeldene fører du derfor opp for seg under overskrifter som «Munnlege kjelder» eller «Personleg kommunikasjon», etter sjølve litteraturlista.

Korleis er APA-stilen?

Det finst mange oppskrifter for dette, me anbefaler å bruke Kildekompasset.

Korleis set eg opp eit direkte sitat?

Sitat som er tre linjer eller kortare, skriv du direkte inn i teksten mellom anførelsteikn, t.d. slik: "Å analysera vil seia å løysa opp heilskapen i ein tekst", sier Eiliv Vinje (1993, s. 29). Er sitatet lenger enn tre linjer, brukar du marginnrykk, men ikkje anførselsteikn.

Må eg bruke APA-stilen?

Spør rettleiar eller faglærar! APA er den mest brukte stilen ved HiSF, og det finst fleire gode rettleiingar i bruken av denne stilen.