Hopp til innholdMeny

Avdeling for helsefag

Stor forskingsaktivitet, bachelorutdanning innan sjukepleie og fleire vidareutdanningar innan helsefag finn du ved avdelinga. Vi held til i høgskulebygget på Vie i Førde, rett ved sida av Førde sentralsjukehus. Om lag 600 studentar og 60 tilsette er knytt til dei to institutta våre.

Institutt for sjukepleieutdanning

Instituttet tilbyr bachelor i sjukepleie, som fører fram til offentleg godkjenning som autorisert sjukepleiar. Med denne utdanninga blir du ein attraktiv fagperson innan fleire ulike felt i helsevesenet.

Bachelor i sjukepleie går over tre år som fulltidsstudium eller over fire år som samlingsbasert deltidsstudium. Det er opptak både i august og januar på heltidsstudiet. På deltidsstudiet er det opptak annakvart år.

Instituttet samarbeider nært med Institutt for helsefag, som tilbyr vidareutdanningar retta mot helse- og sosialsektoren. I tillegg har vi mykje samarbeid med Institutt for samfunnsvitskap, som tilbyr master i organisasjon og leiing/velferdsleiing.

Instituttleiar: Sarah Terese Osland

Telefon: 57 72 25 53

 

Institutt for helsefag

Ved instituttet vårt kan du vidareutdanne deg for arbeid innan helse- og sosialsektoren. Vi samarbeider nært med Helse Førde, kommunane og Senter for helseforsking. Fleire av utdanningane våre er tverrfaglege, og utvikla i lag med fagfolk frå institutta for samfunnsvitskap, lærarutdanning og idrett.

Vidareutdanningane våre omfattar mellom anna barnevern, helsepsykologi, rehabilitering etter hjerneslag, leiing og rusomsorg.

Instituttleiar: Anne-Grethe Halding

Telefon: 57 72 25 72

 

Senter for helseforsking

Senter for helseforsking i Sogn og Fjordane er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling for helsefag. Det blir også jobba for å inkludere kommunane i fylket som ein tredje part i samarbeidet.

Målet med samarbeidet er å styrke utvikling og forsking innan helsetenesta i Sogn og Fjordane gjennom eit felles forskingssenter. Senteret tilbyr kompetansehevingstiltak og utviklar støttefunksjonar for å betre forskings- og utviklingsarbeidet. Fire forskingsgruppar er organiserte under senteret, og desse jobbar med

  • Kvalitet og innovasjon i eldreomsorg
  • Folkehelse og fedme
  • Samhandling i helsetenestene
  • Psykisk helse og rus

Forskingsleiar: Marit Solheim

Telefon: 57 72 25 31 / 400 46 114

Epost: marit.solheim@hisf.no / marit.eva.solheim@helse-forde.no

 

 

Kontakt oss!

Dekan: Eva Marie Halvorsen

Telefon: 57 72 25 55 

Sentralbord: 57 67 60 00