Utlånsreglement
Her er reglement for lån, registrering og erstatning.
- Lånerett

Alle tilsette og registrerte studentar ved HSF har rett til å nytte biblioteket sine tenester og samlingar på dei vilkår som går fram av dette reglement. Andre personar kan få tilgang etter ei vurdering bibliotekpersonalet gjer i kvart einskild tilfelle. Andre bibliotek kan nytte biblioteket sine samlingar som del av det regulerte fjernlånssamarbeidet.
- Registrering av lånar
Ved registrering av brukar kan biblioteket krevja opplysningar om namn, fødselsdato, epost- og postadresse, telefonnummer og evt. heimstadadresse. Biblioteket kan krevje at brukaren legitimerer seg ved registrering. Brukarane er sjølve ansvarlege for å gi biblioteket ajourførte opplysningar om kva for postadresse, e-postadresse og telefonnummer dei kan bli nådde på til einkvar tid.
- Lån
Lånekort må framvisast ved lån. Alt materiale som blir tatt med ut av biblioteket, skal først bli registrert som lån. Den som blir registrert som lånar er fullt ut ansvarleg for det lånte materialet. Lån er gratis.
- Lånetid
Lånetida for bøker er normalt 4 veker, med høve til fornying dersom annan lånar ikkje ventar. Bøker det er venteliste på, kan bli kalla inn tidlegare sjølv om dei allereie er fornya. Pensumlitteratur og andre spesielle samlingar har kortare utlånstid eller er heilt sperra for utlån.
- Innlån
Biblioteket kan låne inn materiale det sjølv ikkje har frå andre bibliotek, etter ei vurdering bibliotekpersonalet gjer i kvart einskild tilfelle. Pensumlitteratur blir ikkje lånt inn frå andre bibliotek. Både bibliotek og brukar er underlagde utlånsvilkår frå eigarbiblioteket og reglar som gjeld for lånesamarbeid mellom bibliotek i Norge.
- Tilbakelevering
Lånar skal syte for at lånt materiale blir levert tilbake eller fornya innan lånefristen er ute. Når biblioteket kallar inn eit lån, skal det tilbakeleverast eller fornyast umiddelbart. Lånt materiale skal tilbakeleverast i same stand som det var då det blei utlånt.
- Erstatning
Lånt materiale som trass i fleire purringar ikkje blir tilbakelevert, må lånaren erstatte. Minste erstatningsbeløp er kr. 600 pr. bok. Inntil lånt materiale er levert, eller erstatningskrav gjort opp, kan kan brukaren bli nekta lån frå høgskulen sine bibliotek.
- Gjeld frå
Dette reglement vart stadfesta av styret i HSF og har vore gjeldande frå 1. januar 1999. Endra ved rektorvedtak gjeldande frå 1. august 2008