Ingeniør elektro - automatiseringsteknikk
Er du interessert i elektronikk og data? Då er bachelor i ingeniør elektro noko for deg. Studiet er praktisk retta, og du får utfalde deg på ingeniørlaben vår. Som elektroingeniør blir du ettertrakta på jobbmarknaden.
Studieinnhald
Du lærer om
- automatiseringsteknikk som plasserer deg midt i skjeringspunktet mellom data og elektro
- elektronikk, data, styrings- og reguleringsteknikk, instrumentering og måleteknikk
- data som hjelpemiddel, programmering, regulering, datainnsamling og datalagring
I tredje studieår kan du spesialisere deg innan til dømes byggautomatisering eller energiteknologi.
Prosjektoppgåver og bacheloroppgåve skjer i samarbeid med næringslivet, noko som gir deg ein unik sjanse til å kome i kontakt med framtidige arbeidsgivarar.
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar og prosjektarbeid. Vi gir deg tett oppfølging gjennom heile studiet.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og matematikk R1 (2MX), R2 (3MX) og Fys 1 (2FY). Realkompetanse.
Manglar du matematikk- og fysikkrava, kan du kvalifisere deg gjennom Ingeniør forkurs tresemester.
Dersom du ikkje fyller opptakskrava, kan du kvalifisere deg gjennom ingeniør forkurs, eittårig.
Veit du at Studiebarometeret viser at våre studentar er blant landets mest fornøgde elektroingeniørstudentar?
Veit du at dersom du har fagbrev innan elektro, kan du ta ingeniørutdanninga gjennom y-vegen?
«Det første året er det mye teorifag, men vi får veldig god hjelp av faglærerne. Det fungerer bra på grunn av de små klassene vi har. Vi får prøve ut teorien i praksis gjennom prosjektarbeid og labøvelser. Studentmiljøet er veldig bra og inkluderende.»
- Ole Kristian Førsund, tidlegare student
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Førde
- Studielengd:
- 3 år
- Studiepoeng:
- 180
- Nivå/grad:
- Bachelor
- Opptakskrav:
- Sjå innhaldsfeltet.
- Poenggrense ved siste opptak:
- Ordinær kvote: Alle kvalifiserte. Kvote for førstegangsvitnemål: Alle kvalifiserte
- Studiekode:
- 216 005
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist: