Hopp til innholdMeny

Nyttig info til deg som er ny student

Forbered deg til studiestart ved å lese gjennom denne informasjonen.

Før du kjem hit

 

Forkurs i matematikk

Skal du ha matematikk for økonomar i studiet ditt, og treng å friske opp matematikkunnskapane dine? Før studiestart arrangerer vi forkurs i matematikk.

Semesterregistrering

Nokre veker før studiestart mottar du ein sms med studentnummeret ditt. Når du har mottatt dette, kan du registrere deg. Som ny student skal du registrere deg før studiestart. 

Hybel

Hyblar på den private marknaden kan du finne på hybel.no og rubrikk.no, og i lokalavisene Sogn Avis (Sogndal) og Firda (Førde).

Søke lån og stipend

Så snart du har fått tilbod om studieplass kan du søke om lån og stipend hjå Lånekassen. I nettsøknaden skal du oppgi ein utdanningskategori. Sjå oversikt over kva kategori ditt studium kjem inn under. Før Lånekassen kan overføre pengar til bankkontoen din, må du ha betalt semesteravgift. Du finn faktura i StudentWeb.

Studieplan og pensum

I studieplanen din finn du utfyllande informasjon om studiet og dei ulike emna du skal ha. Du bør lese den før studiestart. Under emneomtalane i tabellen nederst i studieplanen finn du pensumlister. Det kan vere lurt å vente til studiestart med å kjøpe bøker, då det kan bli endringar.

I Sogndal kan du kjøpe bøker hjå Fjordbok, som held til i Høgskulebygget. Sjå også facebooksida for kjøp og salg av brukte pensumbøker ved HiSF

Politiattest

Nokre studium har krav om innlevering av politiattest. Sjå kva studium dette gjeld, korleis du søker og når attesten skal leverast. 

Medisinsk testing

Studentar som skal ha praksis eller klinisk undervisning ved sjukehus, sjukeheim og andre buformer for heildøgns pleie, pliktar å gjennomgå undersøking for MRSA. 

Tilrettelegging

Har du lese- og skrivevanskar, ei funksjonsnedsetting, sjukdom, skade eller anna som gjer at du treng tilrettelegging? Sjå kva type tilrettelegging du kan få.

Godskriving

Dersom du har utdanning frå før og trur denne passar inn i studieløpet du vil ta ved HiSF, kan du søke om godskriving.

På høgskulen

 

Timeplan

I timeplansystemet TimeEdit ser du når forelesningane dine er, og i kva rom. Det kan bli endringar i timeplanar som er lagt ut, så sjekk timeplanen igjen ved studiestart! 

Studentkort

Studentkortet fungerer som studentbevis, nøkkelkort til høgskulen sine bygg og lånekort ved biblioteket. Du brukar det også ved utskrift og kopi på høgskulen. Når du har betalt semesteravgift og blitt tatt bilde av ved studiestart, kan hente kortet i Studenttorget (Sogndal) eller Servicesenteret (Førde). 

For semesterkvittering, som du til dømes treng ved kollektivreiser, må du i tillegg til studentkortet vise fram semesterkvittering. 

Biblioteket

På biblioteket finn du grupperom, data-arbeidsplassar og lesesal. I tillegg til bøker har biblioteket abonnement på ei rekkje tidsskrift, databasar, ordbøker og andre oppslagsverk på nett, som er tilgjengeleg via HiSF sitt nettverk.

Kantine

SISOF driv kantine i Høgskulebygget i Sogndal og i Høgskulebygget i Førde.

Grupperom

På dei ulike bygga våre har vi mange rom du kan bruke til gruppearbeid.

Bokskap

Dersom du ikkje vil dra på så mange bøker til og frå hybelen, kan du bruke bokskap.

Parkering

I Sogndal er det avgiftsparkering på Fosshaugane campus. Meir om parkering.

Røykfri høgskule

HiSF er ein røykfri skule. På uteområda er det oppmerka røykeplassar.

IT-tenester og verktøy

  • Høgskulen sine bygg og Studentsamskipnaden sine hyblar har dekning for det trådlause nettverket Eduroam. 
  • På Fronter legg faglærar ut studieretta informasjon, og det er her du leverer inn oppgåver og arbeidskrav.
  • Som student ved HiSF får du automatisk tildelt ei e-postadresse.
  • Du brukar studentkortet ditt når du skal ta utskrift eller kopi på HiSF sine skrivarar. Alle nye studentkort har ein startsaldo på 100 kr. Første gang du brukar kortet ditt til utskrift eller kopi må du aktivere kortet.
  • Du får tildelt eit privat lagringsområde, under stasjon U:. Du får tilgang til dette når du er pålogga ei av høgskulen sine datamaskiner. Det er også lagringsfunksjonar i Fronter.

Studieopphald i utlandet

I alle bachelorutdanningane våre er det tilrettelagt for studieopphald i utlandet (praksisopphald i utlandet for nokre utdanningar). Oppholdet blir ein del av graden din ved HiSF. 

Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane - SISOF

SISOF er service- og velferdsorganisasjonen for studentane ved HiSF, og driv kantine, bokhandel og hybelutleige. SISOF har også ulike helsetilbod, som psykososial rådgivingsteneste, helsestasjon med meir.

Karrieresenteret

I Karrieresenteret vårt møter du rådgivarar som kan hjelpe deg med spørsmål knytt til studiet ditt eller vegen vidare. Vi held til i 3. etasje i Høgskulebygget Sogndal.

Opningstider

  • Studenttorget i Høgskulebygget Sogndal: kl. 08.00-15.00.
  • Servicesenteret i Høgskulebygget Førde: kl. 09.00-15.00.

Med studentkortet ditt har du tilgang til store delar av bygga våre heile døgnet.