Hopp til innholdMeny

Databasar

Som tilsett eller student har du tilgang til ei rekkje store forskingsdatabasar. For å få opp basane og innhaldet der må ein logge seg på datanettverket til HiSF - eventuelt via VPN for oppkopling utanfrå. På denne sida har me lista opp alle databasar som kan vera relevante.

Sjå også biblioteket si side for korleis finne ulike ressursar.

Academic Search Premier

Academic Search Premier er ein stor tverrfagleg database (4.500 tidsskrift) dei fleste er fagfellevurdert. Fulltekst, men ver obs på embargo i denne basen!

Acronym - The Internet Acronym Server

Oppslagsverk for akronym - som er ord laga av forbokstavene av eit lenger ord/ namn, til dømes NATO.

Allkunne

Nynorsk kulturhistorie.

AMED (Allied and Complementary Medicine)

Alternativ medisin, fysioterapi, ergoterapi, rehabilitering, pediatri, tale- og språkterapi og palliativ pleie. Database frå Ovid.

Anatomisk atlas

Oppslagsverk med illustrasjonar, bilder og tekst som beskriv kroppen sine ulike deler og organ.
Fritt tilgjengeleg til alle innbyggjarar i Norge gjennom Helsebiblioteket.
 

Artikelbasen

Referansar til danske tidskriftsartiklar og større artiklar i eit utval danske aviser.
 

Atekst

Avisartiklar i fulltekst frå mange aviser, både riks- og lokalaviser. Kor langt tilbake i tid dette arkivet går, varierar frå avis til avis. 

Best Practice

Klinisk oppslagsverk frå BMJ Evidence Centre og som dekkjer meir enn 10 000 tilstandar.

Bibliotek.dk

Database for danske folke- og fagbibliotek. Referansar til bøker og artiklar m.m.

Bibsys Ask

Bibliotekkatalog for Nasjonalbiblioteket, universitet og høgskular og ei rekkje andre fagbibliotek i Norge.

Bokhylla

Nasjonalbiblioteket si store e-boksamling med norsk litteratur utgitt før 2000. Du må ha norsk IP-adresse. Les meir om e-bøker frå HiSF.

Bokmålsordboka og Nynorskordboka

Universitetet i Oslo og Språkrådet har utarbeidd denne databasen.

Brage

Høgskulen i Sogn og Fjordane sitt opne arkiv for publikasjonar skrivne av tilsette og studentar. Her finn du HiSF sin skriftserie (Notat og Rapport), tidsskriftsartiklar, doktoravhandlingar, masteroppgåver og bacheloroppgåver.

Britannica

Engelsk leksikon.

British Library Public Catalogue

Bibliotekkatalog for British Library.

Business Source Elite (Ebsco)

Internasjonal database med fagområda økonomi, næringsliv og administrasjon. Mange fagfellevurderte tidsskrift, men ver obs på embargo.

CIA World Factbook

Statistikk frå amerikanske CIA (Central Intelligence Agency). Inneheld òg kart og fakta om alle land i verda. 

Cinahl

Database for sjukepleie og tilgrensande fag, m.a fysioterapi, ergoterapi og ernæring. Fulltekst, men ver obs på embargo i denne basen.

Clinical evidence

Oppslagsverk mynta på primær- eller spesialisthelsetjenesten som oppsummerer den beste, tilgjengelege forskinga om effekt og biverknader av behandling for meir enn 250 diagnosar. Engelsk. Tilgang gjennom Helsebiblioteket.

Cochrane Library

Medisin. Inneheld systematiske oversikter og randomiserte kontrollerte studiar over effekt av ulike behandlande og førebyggjande tiltak. Fulltekst.

Cristin

Felles system for forskingsdokumentasjon ved universitet og høgskular, institutt- og helsesektoren i Norge. I basen finn du forskingsresultat, forskarprofilar, prosjekt og forskingseinheiter.

Diktregisteret ved Deichmanske bibliotek

Hjelpemiddel for å gjenfinne og lokalisere dikt. Inneheld ikkje dikt i fulltekst.

Doaj

Directory of Open Access Journals. Vitskaplege tidsskrift i fulltekst innan dei fleste fagområde.

Embase

Ein database referansar til litteratur innan medisin og farmakologi. 5000 tidsskrift er analysert, dessutan konferanserapportar og bøker, men ikkje fulltekst. Ein database frå Ovid. Oslo Universitetssykehus har laga rettleiing.

Eric

Internasjonal database (også mykje fulltekst) over pedagogisk litteratur frå 1966- . Her er referansar til artiklar, tidsskrift, bøker og avhandlingar.

Felleskatalogen

Oppslagsverk for legemiddel som vert marknadsført i Noreg. Informasjon både for helsepersonell og pasientar. Finst òg i papirutgåve med årlege utgjevingar.

Google Scholar

Google sin søkemotor for vitskapleg litteratur. Artiklar, bøker, rapportar, åpne forskingsarkiv m.m. Er du på HiSF-nettverket får du direkte tilgang til artiklar som biblioteket abonnerar på.
 

Helsebiblioteket

Nasjonal lenkeportal for helseinformasjon som ligg ope, men har òg innhald som er abonnementsbasert. Helsepersonell kan registrere seg direkte i Helsebiblioteket,  sjå øvst til høgre på portalen. 

ICD-10

Internasjonal klassifikasjon av sjukdomar og beslekta helseproblem frå WHO, men her i norsk versjon ved Helsedirektoratet.

Idunn

Tverrfagleg norsk database med ca 50 tidsskrift i fulltekst. Varierande omfang, men det eldste innhaldet er frå 2002. Sjå evt søkerettleiing hjå Idunn. Biblioteket anbefaler deg generelt å søke via Oria eller Norart.

JSTOR

Fulltekstartiklar frå mange ulike fagområde. Biblioteket har tilgang til nokre samlingar av arkivet. Arkivet har ikkje med dei siste 3-5 årgangane. Du vil også finne artiklane via søk i Oria.

Juridisk nettviser

Emneportal for ressursar innan juss.

Library of Congress Online Catalog

Bibliotekkatalog for Library of Congress, USA.

Library, Information Science & Technology Abstracts (Ebsco)

Referansar til tidsskrift, bøker og andre publikasjonar innanfor bibliotek- og informasjonsvitskaplege emne.
 

Libris

Database for svenske folke- og fagbibliotek. Referansar til bøker og artiklar m.m.

Lovdata og Lovdata Pro

Lovdata er ein open database der du finn gjeldande norsk rett. Dersom du ønskjer tilgang til fleire rettskjelder, må du logge deg på (øvst i høgre hjørne). Brukarnamn og passord ligg i Fronter. Første gong du loggar deg på, må du registrere deg som personleg brukar. Bruk epostadressa du har fått som student ved HiSF. Neste gong du skal inn i basen, er det nok at du loggar deg på med din personlege brukarkonto.

Medline

Medline inneheld referansar til artiklar innan medisin, sjukepleie, fysioterapi, ernæring, odontologi, veterinærmedisin og andre helsefag. Mykje fulltekst.

Norart

Referansar til artiklar i norske og nordiske tidsskrift og årbøker innan dei fleste fagområde.
 

Norsk Ordbok 2014

Dette er ikkje ei rettskrivingsordbok, men ei ordbok med ordtilfang frå dei norske dialektane og nynorsk skriftspråk. 

Ordnett

Elektroniske ordbøker på mange språk; nynorsk, bokmål, engelsk, fransk, spansk, tysk, italiensk og svensk.  Har også framandord, synonym, juss, teknisk, økonomisk og medisinsk ordbok og grammatikk og språkvettreglar.

Oria

Oria er ein søkemotor som lar deg søke i bibliotekets samla ressursar: bøker, artiklar, tidsskrift, musikk, filmar og elektroniske ressursar m.m. Du kan velje å søkje i biblioteket ved HiSF eller alle universitets- og høgskulebiblioteka i landet. 

Skal ein gjera meir presise litteratursøk er det fornuftig å bruke fagdatabasane. Ebscobasane Cinahl og SportDiscus har mykje materiale som ikkje blir fanga opp av søk i Oria. Les meir om korleis søke i Oria.

ProQuest Medical Collection

ProQuest Medical Collection er ei samling sett saman av tre ProQuest-basar: Medical Library, Nursing og Psychology. Mykje fulltekst. Du vil også finne artiklane via søk i Oria.

PsycInfo

Referansedatabase innan psykologi og beslekta emne (medisin, psykiatri, sjukepleie, sosiologi). Ein database frå Ovid. 

Pubmed

Pubmed er gratisversjonen av Medline, verdas største database innan medisin og helsefag.
For å få mykje fulltekst, bruk denne lenka eller gå via Helsebiblioteket.
 

PubPsych

Europeisk database for psykologi og psykiatri. Omfattar fleire språk og flere dokumenttypar. Engelsk, tysk, fransk, spansk og italiensk. 

Regional business news (Ebsco)

Amerikanske og canadiske næringslivstidsskrift. Fulltekst.

SAGE Premier

Vitskaplege artiklar frå forlaget Sage sine tidsskrift. Dekkjer samfunnsvitskap, humaniora, medisin, ingeniørfag samt miljø- og biovitskap. Du vil også finne artiklane via søk i Oria.

Sang og viseregisteret

frå Nasjonalbiblioteket

ScienceDirect

Fulltekstartiklar frå vitskaplege tidsskrift innan dei fleste akademiske fag. Enkelte artiklar kun med samandrag (abstract).  Du vil også finne artiklane via søk i Oria.

Scopus

Dette er ein referanse- og siteringsdatabase frå Elsevier. Du kan finne abstract og direkte lenking til fulltekstartikler og andre bibliotekressurser. Om lag 18 000 fagfellevurderte tidsskrift frå meir enn 5000 utgjevarar. 1800 Open Access-tidsskrift, 250 konferanse proceedings, ca 425 Trade publications og ca 325 bokserier. Totalt ca 46 millioner referanser. Meir om innhaldet på Scopus.

SportDiscus

Internasjonal fagdatabase for idrett, idrettsmedisin og relaterte emne. Fulltekst, men ver obs på embargo i denne basen.

SpringerLink E-books

HiSF har ei samling på over 40 000 bøker frå Springer (pr oktober 2014). I basen her ser du alt Springer tilbyr. HiSF sine e-bøker finn du også via Oria.  Les meir om e-bøker frå HiSF. Via denne lenka (som er leverandøren sitt søkegrensesnitt) får du tilgang både til tidsskrift og bøker.

SpringerLink Journals

SpringerLink gir tilgang til omlag 2000 vitskaplege tidsskrift innen mange fagområder. HiSF sine e-bøker frå same leverandør er også er tilgjengeleg via dette søkegrensesnittet. Desse tidsskrifta med innhald og lenker til fulltekst finn du også via Oria.

Statistisk sentralbyrå

Byrået er ansvarleg for utarbeiding av offisiell statistikk i Noreg. SSB har også utarbeidd eit oversyn over statistikk frå ulike organisasjonar og institusjonar i inn og utland. 

Store norske leksikon

Norsk oppslagsverk.

SveMed+

Nordisk artikkelbase for medisin, sjukepleie og helsefag. Noko fulltekst. Mest svensk og engelskspråkleg matriale, men og ein del dansk og norsk.
 

Taylor & Francis

Fulltekstartiklar i akademiske tidsskrift utgitt av forlaget Taylor & Francis. Tverrfagleg. Du vil også finne artiklane via søk i Oria.

Telefonkatalogen

Telefonkatalog som er tilgjengeleg på HiSF sitt datanett.
 

Termbase for UH-sektoren

Database med engelske administrative termar (omlag 2000 ord) frå universitets- og høgskulesektoren

Up to date

Medisin, engelsk.

Web of Science

Internasjonal artikkel- og siteringsbase, i alt 3 basar eller omlag 17.000 tidsskrift vert indekserte. Du kan ofte følgje lenker vidare til fulltekst. Sjå kort film for korleis bruke basen. Tilgang frå 1975- 

Wiley Online

Databasen har innhald frå 1997 til idag og inneheld to samlingar: Omlag 600 tidsskrift under overskrifta "humanities & social science" og ca 800 tidsskrift innan "science, technical, medical". Du kan også bla i emnene.

WorldWideEnergy.Org

Søketeneste for energirelatert informasjon. Viser til forskingsresultat, artiklar, rapportar, konferansar, statistikk m.m
Inneheld også tidlegare ETDE World Energy Base.