Hopp til innholdMeny

Økonomi og administrasjon

Med bachelor i økonomi og administrasjon får du ei yrkesretta utdanning som opnar for mange moglegheiter innan både privat næringsliv og offentleg forvaltning.

Studieinnhald

Studiet gir deg ein brei økonomisk-administrativ kompetanse.

Du lærer om

  • økonomistyring, rekneskap og analyse
  • leiing og strategi, med fokus på leiarrolla
  • marknadsføring
  • samfunnsøkonomi
  • forretningsjus

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den! 

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesningar, seminar, gruppeøvingar og organiserte kollokviegrupper med rettleiing.

Vi koblar teori og praksis gjennom arbeid med aktuelle og relevante problemstillingar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. 

Dersom du har årsstudium i bedriftsøkonomi frå HiSF, kan du søke opptak direkte til 2. studieår.  Du søker då gjennom SøknadsWeb.

Veit du at rett før studiestart kan du delta på forkurs i matematikk, for å friske opp mattekunnskapane dine?

Les om forkurset

Fakta om studiet

Studiestad:
Sogndal
Studielengd:
3 år
Studiepoeng:
180
Nivå/grad:
Bachelor
Opptakskrav:
Sjå innhaldsfeltet. 
Poenggrense ved siste opptak:
Ordinær kvote: 38,0. Kvote for førstegangsvitnemål: 35,8
Studiekode:
216 369
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.04.2015

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak