Hopp til innholdMeny

Rom og utstyr i biblioteka

Biblioteka er godt utstyrt og har plassar både for å jobbe i grupper og individuelt.

Grupperom

I og i tilknytning til biblioteka finns det grupperom.
Du kan lese her om korleis du bestiller grupperom.
Det er også lagt til rette for gruppearbeidsplassar i opne soner i biblioteka.

Individuelle arbeidsplassar

Ved biblioteka i  HiSF finn du individuelle arbeidsplassar både med og utan PC.

Stille leserom

3023919-xsmall.jpgI Førde finn du ein stille lesesal med 16 plassar. Lesesalen ligg i den gamle delen av bygget. I Sogndal er det 2 stille leserom med til saman 16 plassar. Leseromma finn du i den døgnopne delen av biblioteket.

Undervisningsrom

På biblioteket i Sogndal er det eit eige undervisningsrom med 18 plassar.
Dette rommet kan nyttast som stille leserom/datalab når det ikkje føregår undervisning der.

Multimediarom

I Sogndal finns det 2 multimediarom med totalt 18 plassar. Desse romma er lydisolerte og har ein del datautstyr med spesialprogramvare.
Bruken av multimediaromma må skje etter avtale med faglærar, førelesar eller bibliotek.

Anna utstyr du kan låne

  • Diktafonar for lydopptak (Sogndal - i biblioteket sin info.skranke)
  • PC-mus (Sogndal - i biblioteket sin info.skranke)
  • VGA-overgang for Mac (Sogndal - i biblioteket sin info.skranke)
  • Bokskap (Sogndal)