Livet i Sogndal
I Sogndal har du mellom to og ti minutt gangavstand frå hybelen til høgskulen, og fem minutt til det meste elles i Sogndal også.
Nært og inkluderande
Korte avstandar mellom hybel, høgskule, studentaktivitetar og natur gjer at du får meir ut av døgnet som student ved HiSF.
Noko av det studentane våre er mest fornøgde med, er den tette kontakten mellom lærar og student. Lærarane kan namnet ditt, og dørene er stort sett alltid opne dersom du lurer på noko. Dette er éin av mange fordelar med å studere ved ein mindre høgskule.
Sogndal er kjent for det gode studentmiljøet. Eit passe tal studentar, rundt 2 000, gjer at det er lett å bli kjent med andre, og lett å engasjere seg.
På studenthuset Meieriet finn du kafé, pub, konsertarena og diskotek. Meieriet si speleliste gjennom eit semester er imponerande, og Vekao er eit høgdepunkt.
Naturopplevingane står i kø, enten du vil gå korte fjellturar eller ekstreme toppturar.
Og for deg som lurer på om du kan shoppe, gå på kaféar eller kino i Sogndal, så er svaret ja!