DOI - nummer
DOI er forkortinga for Digital Object Identifier
Mange elektroniske artiklar har eit DOI-nummer. 
DOI er unikt og permanent og er samansett av ein streng med tal
og evt. bokstavar.
Eksempel: DOI 10.7813/2075-4124.2014/6-2/B.39
Søk på DOI er ein sikker måte å gjenfinne artiklar på.
DOI for artiklar er omtrent det same som ISBN-nummer for bøker.
Les meir om DOI i Wikipedia.
Du har DOI-nummer, korleis finn du artikkelen?
- Kopier, eller skriv inn DOI-nummeret.
- Gå til: http://dx.doi.org
- Lim eller skriv inn DOI-nummeret, klikk på GO og artikkelen vert søkt opp.
NB! Tilgang til fulltekst på artiklane er avhengig av HiSF sine abonnement.
Får du ikkje opp artikkelen i fulltekst kan du bestille han hjå biblioteket.
Korleis referere til DOI-nummer i litteraturlista?
- Du skal bruke DOI-nummer på alle elektronisk publiserte artiklar i litteraturlista dersom det finns.
Nummeret skal stå etter sidetilvisinga.
Eksempel: (APA)
Ost, B. (2014). Design, Implementation, and Evaluation of Virtual Learning Environments. Teaching Theology & Religion, 17(2), 178-180. doi:10.1111/teth.12194
- Har ikkje den elektroniske artikkelen DOI-nummer, skal du oppgi URL etter sidetalet.
Eksempel: (APA)
Lee, H., Harris, K. M., & Lee, J. (2013). Multiple Levels of Social Disadvantage and Links to Obesity in Adolescence and Young Adulthood. Journal Of School Health, 83(3), 139-149. Hentet fra http://search.ebscohost.com/login.aspx?direct=true&db=s3h&AN=85040612&si....