Hopp til innholdMeny

Organisering av helse- og sosialtenester til eldre

Dette er studiet for deg som arbeider som helse- eller sosialpersonell i første- og andrelinjetenesta, og som ønskjer auka kunnskap om leiing, drift og utvikling av mindre einingar.

Helsearbeidar i dialog med eldre dame med tekopp.

Studieinnhald

 Utdanninga vil hjelpe deg til å gjere vurderingar og ta avgjerder på eit rettsleg og etisk haldbart grunnlag i eldreomsorga. Helsetenesta sine utfordringar i lys av samhandlingsreforma vil stå sentralt i studiet.

Du lærer om

  • systemisk- og individuell planlegging
  • ikt i helse- og sosialsektoren. Pasientadministrative system, handsaming av pasientdata og leiing av prosessar der bruk av IKT-hjelpemiddel står sentralt.
  • offentleg sakshandsaming knytt til eldreomsorga. Innføring i dei delar av rettsforvaltninga som handlar om det å fatte lovlege vedtak og vurderingar av tildeling av rettar og goder etter sentrale lover.
  • kvalitet og kommunikasjon. Dei kvalitative sidene ved det å vere arbeidsleiar: Kommunikasjon mellom menneske, inverksetjing av faglege utviklingsprosessar, styring og kontroll av arbeidsprosessar og kvalitetssikring av prosessar i møte mellom menneske.

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den! 

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom fellessamlingar, gruppearbeid, sjølvstudium, rettleiing og skriftleg arbeid.

Det er lagt opp til tre samlingar á tre dagar, og arbeid mellom samlingane.

Studiet er eit valemne i Master i samhandling innan helse- og sosialtenester.

Les om masterutdanninga

«Problemstillingane me jobba med var veldig aktuelle, samstundes som me fekk ny kunnskap gjennom mange gode forelesarar. Eg likte at fellessamlingane var på bolkar av tre dagar om gongen. Det gjorde det lettare å kople av frå jobben og vere student. »

- Torunn Ruud, tidlegare student

Fakta om studiet

Studiestad:
Førde
Studielengd:
½ år deltid
Studiepoeng:
15
Nivå/grad:
Vidareutdanning
Opptakskrav:
Treårig helse- eller sosialfagleg høgare utdanning, og eitt år relevant yrkespraksis etter fullført utdanning. Søkjar med anna høgare utdanning kan få opptak etter særskilt vurdering. 
Studiekode:
216 1624 
Søknad frå:
01.09.2015
Søknadsfrist:
01.11.2015

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak