Semesterregistrering
Du semesterregistrerer deg kvart semester du er student hos oss.
Som ny student skal du registrere deg før studiestart. Klikk her!
Slik semesterregistrerer du deg
Bortsett frå første semester, følgjer du denne oppskrifta kvart semester:
- Logg på StudentWeb med Feidepålogging.
- Gå gjennom registreringssekvensen. Dersom du skal ha valfag dette semesteret, legg du dei til i utdanningsplanen. Du blir automatisk oppmeldt til undervisning og vurdering (eksamen) når du registrerer deg.
- Kontroller adresseinformasjonen din under Profil.
- Betal semesteravgifta. Du finn betalingsinformasjon under Betaling.
Frist for semesterregistrering er
- 15. september i haustsemesteret
- 15. februar i vårsemesteret
Du må vere semesterregistrert innan fristen for å ha studierett og bli oppmeldt til eksamen, og for å få utbetalt støtte frå Lånekassen.
Semesteravgift
Semesteravgifta er på 600 kr. 450 kr. går til Studentsamskipnaden og 150 kr. går til Kopinor. Du kan i tillegg gi eit valfritt bidrag til SAIH på kr. 30,-.