Å vere nettstudent
Nettstudium er ein fleksibel måte å studere på, som gjer det mogleg å kombinere utdanning med jobb og familie. Den nettbaserte organiseringa gjer at du primært kan studere heimefrå. I tillegg vil vi kvart semester ha nokre samlingar der vi fysisk møtest. Nettstudium har det same faglege innhaldet som studium på campus.
Undervisningsformer
Som nettstudent har du undervisningsformer som kombinerer bruk av ulike digitale verktøy, nettundervisning og fysiske samlingar. Vi nyttar e-læringsverktøyet Fronter, og det nettbaserte konferanseverktøyet Adobe Connect.
Gjennom desse verktøya får du
- tilgang til undervisningsmateriale
- tilgang til å delta heimefrå på nettsamlingar
- jevnleg kommunikasjon med lærarar og medstudentar
Adobe Connect er ditt virtuelle klasserom, der du ser og og kan snakke med medstudentane dine og lærarane dine. Lærarane kan vise presentasjonar, dokument og videoar, eller skrive på den digitale tavla. Adobe Connect er kostnadsfritt å bruke for deg som student.
Vi gir deg ei grundig innføring i verktøya du skal bruke, ved studiestart.
Gode studievanar er viktig!
Å studere på nett stiller dei same krava til gode studievanar som ved ordinære campusstudium. Det er lurt å etablere gode studievanar så raskt som mogleg.
Ta med deg desse tipsa:
- Sett av tid til sjølvstudium! Studerer du fulltid, bør studiearbeidet minimum tilsvare ei ordinær arbeidsveke.
- Begynn å lese pensum med ein gang, og ver førebudd til samlingane.
- Delta på all undervisning.
- Ver aktiv i undervisninga og still spørsmål.
- Finn deg gode studiekameratar og delta aktivt i kollokviegrupper.
- Bruk læringsressursane som blir gjort tilgjengeleg.
Nettvettreglar
Når vi har undervisning og samlingar på nett, er det nokre felles spelereglar alle må følge.
