Barnevernfagleg rettleiing
Med dette studiet kan du utvikle ei profesjonell rettleiarrolle og styrke evna til kritisk refleksjon over eigen rettleiingspraksis, og få handlingskompetanse i rettleiing. Studiet rettar seg mot rettleiing på individ- og gruppenivå i barnevernet.
Studieinnhald
Vidareutdanninga er eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Volda.
Du lærer om
- teoriar og modellar for rettleiing
- aktuell forsking og utvikling på rettleiingsfeltet
- relasjon, kommunikasjon, refleksjon og utvikling på individ-, gruppe- og organisasjonsnivå
- barnevernet som lærande fellesskap og som ein arena for læring og utvikling
- rettleiing av nyutdanna og nytilsette i barnevernet
Utdanninga er sett saman av to emne à 15 studiepoeng:
- Rettleiingspedagogikk og eiga rolle som rettleiar
- Profesjonell rettleiing for nyutdanna og nytilsette i barnevernet
Det blir arbeidd med å få dei to emna formelt godkjende som emne på masternivå, og som valfrie emne i masterstudia Samhandling innan helse- og sosialtenester ved HiSF og Meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda.
Studieplan
I studieplanen for 2014 - 15 finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Studieplan for 2015 - 16 blir publisert rundt 15. mars.
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar, gruppearbeid, rettleiing (individuelt og i gruppe), sjølvstudium og skriftleg arbeid. Både munnlege framleggingar og skriftlege arbeid er obligatorisk.
I kvart emne er det fire samlingar à tre dagar. Mellom samlingane vil det vere rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper. Delar av teoriundervisninga, rettleiinga og tilbakemeldinga kan bli tilbydd digitalt.
Opptakskrav
Følgjande krav må vere oppfylt:
- Utdanning som barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar (minst 3 år) eller innan anna relevant fagområde. I særskilde tilfelle kan opptak gjerast på grunnlag av realkompetanse.
- Minst 3 års praksis i minimum 50 % stilling frå barnevernet etter fullført utdanning
- Arbeide i barnevernet i studietida
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Sogndal
- Studielengd:
- 1 år deltid
- Studiepoeng:
- 30
- Nivå/grad:
- Vidareutdanning
- Opptakskrav:
- Sjå innhaldsdelen
- Studiekode:
- 216 1630
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.04.2015