Vitnemål og karakterutskrift
Dersom du har fullført bachelor, master, yrkesutdanning eller PPU får du vitnemål. Har du fullført årsstudium eller vidareutdanning får du karakterutskrift.
Du vil automatisk få tilsendt vitnemål eller karakterutskrift når du har fullført ei utdanning hos oss. Du vil normalt få tilsendt vitnemål/karakterutskrift før ettersendingsfristen 1. juli (for deg som skal studere vidare).
Du må sjølv bestille vitnemål/karakterutskrift dersom du fullfører studiet på kortare eller lengre tid.
Vi sender til den registrerte heimstadsadressa di, så sjekk at denne er rett i StudentWeb.
Nytt vitnemål
Ved forbetring av resultat etter at du har mottatt vitnemål, må du sjølv kontakte oss for få eit nytt grunnlag for vitnemål.
Diploma Supplement
I tillegg til vitnemål vil du få Diploma Supplement. Dette er eit dokument som gir ei engelsk beskriving av utdanninga di, og av det norske utdanningssystemet. Diploma Supplement er berre gyldig saman med det originale vitnemålet.
Vitnemål frå allmennlærarutdanninga
Allmennlærarutdanninga er no under utfasing. Studentar som ikkje har fullført allemnnlærarutdanninga, må ta sin siste eksamen innan 31. desember 2015 for å få skrive ut vitnemål.
Bestille karakterutskrift?
Ønskjer du karakterutskrift undervegs i studiet ditt, bestiller du dette i StudentWeb.