Hopp til innholdMeny

Slik finn du jobbane

Du skal søke jobb, og veit ikkje heilt kor du skal begynne. Her gir vi deg nokre tips.

Det er mange måtar å finne dei ledige jobbane på:

  • Ring eller oppsøk arbeidsgivarar du kan tenke deg å jobbe hos, sjølv om dei ikkje har lyst ut ledig jobb.
  • Bruk alle nettverka dine.
  • Kontakt vikar- eller rekrutteringsselskap.
  • Delta på høgskulen sin karrieredag, og jobbmesser i regi av Nav. Her møter du arbeidsgivarar ansikt til ansikt.

Indeed gir deg landets mest fullstendige oversikt over ledige jobbar.

Ønskjer du å jobbe i utlandet?

På Eures finn du ledige stillingar i Europa. Sjå også Utenriksdepartementet sin studentpraktikantordning. 

Traineeprogram

Traineeprogram er eit tilbod til nyutdanna studentar, og kan vere ein god inngangsport til arbeidslivet. 

Sjå oversikt over traineeprogram

Gjer deg synleg for potensielle arbeidsgivarar

Svært mange stillingar blir ikkje lyst ut. Å vere synleg i cv-databasar kan difor vere smart.

Lag profil på LinkedIn

LinkedIn er det største, profesjonelle sosiale nettverket i verda, og blir brukt av både rekrutteringsbyrå og større arbeidsgivarar. Ved å opprette ein profil her, kan du bli sett av mange.

Slik lagar du ein selgande profil på LinkedIn

LinkedIn er også ein god måte å bygge nettverk med andre studentar, og etter kvart med kollegaer. Du kan delta i ei rekkje diskusjonsgrupper som dreier seg om nettopp ditt fagområde. Du kan begynne som student, og fortsette når du kjem ut i arbeidslivet.

Registrer cv’en din

Ved å registrere CV-en din på nav.no blir du tilgjengeleg for arbeidsgivarar som leitar etter din kompetanse. Du kan bruke denne tenesta sjølv om du ikkje er brukar hos nav. Du kan også registrere cv'en din hos ulike rekrutteringsbyrå, som til dømes Adecco og Manpower .

Starte for deg sjølv?