Hopp til innholdMeny

Utvekslingsprogram og økonomisk støtte

Som utvekslingsstudent får du støtte frå Lånekassen. Dersom du reiser gjennom Nordplus eller Erasmus+ vil du i tillegg få stipend derfrå.

Lånekassen

Du vil få same støtte frå Lånekassen som når du studerer i Norge. I tillegg vil du få noko reisestøtte. Dersom du reiser gjennom Erasmus+ eller Nordplus får du stipend derfrå i tillegg. Du må betale semesteravgift til HiSF for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Sjå kor mykje støtte Lånekassen gir

Erasmus+

Gjennom utvekslingsprogrammet Erasmus+ kan du ha studie- eller praksisopphald hos ein av våre Erasmus+ -partnarar. Du betaler ikkje skulepengar til universitetet eller høgskulen du reiser til.

Du får 400 Euro (ca. 3 300 NOK) per måned i stipend (i tillegg til støtte frå Lånekassen) for studieopphald i Danmark, Finland, Frankrike, Irland, Italia, Liechtenstein, Sverige, Storbritannia og Østerrike. For andre land innan EU er støtta 350 Euro (ca. 2 900 NOK).

Dersom du har praksisopphald, får du i tillegg 100 Euro (ca. 800 NOK) per månad. For praksisopphald i ei bedrift eller privat organisasjon treng det ikkje å eksistere ein institusjonell avtale med HiSF, men du må ha ein eigen individuell avtale og program for opphaldet før du reiser.

Det er også mogleg gjennom Erasmus+ programmet å få stipend til praksisopphold i utlandet året etter endt utdanning. Dette kan vere ein god introduksjon til arbeidslivet, samtidig som du får internasjonal erfaring. 

Nordplus

Nordplus tilbyr stipend til studentar som ønskjer eit studieopphald ved eit nordisk universitet eller ein nordisk høgskule. Nordplus er primært knytt til praksisopphold. Du kan få støtte på inntil 200 Euro (ca. 1 600 NOK) per månad, i tillegg til reisestøtte. Du betalar ikkje skulepengar til universitetet eller høgskulen du reiser til. 

Study Abroad

Study Abroad er ein generell avtale om utveksling mellom høgskulen og den utenlandske institusjonen, og gir inga økonomisk støtte. Du må rekne med å betale skulepengar til institusjonen (unntatt Sveits). Skulepengane dekker undervisning, og i nokre tilfelle kost og losji. Lånekassen gir ekstra lån og stipend til skelepengar. For meir informasjon om kostnadar, sjå nettsida til studiestaden, eller kontakt oss.

 

Andre stipend og legat

Legathåndboken og Legatsiden gir informasjon om stipend og legat som du kan søke på i forbindelse med studieopphold i utlandet.