Hopp til innholdMeny

Før utreise

Så snart du har fått innvilga eit utvekslingsopphald, kan du begynne å førebu deg. Før, under og etter opphaldet er det ein del viktige ting du må huske på.

Fagleg førehandsgodkjenning

Før du reiser, må du levere ei fagleg førehandsgodkjenning, ein såkalla Learning Agreement, som skal godkjennast av instituttleiar. Dette er ein garanti for at det du studerer i utlandet vil kunne gå inn i graden din ved HiSF.

Instituttleiar eller internasjonal koordinator på avdelinga di kan rettleie deg i forhold til valg av emne. 

Før utreise må du:

  • Melde deg av eksamen i StudentWeb. Du skal likevel betale semesteravgift til HiSF det semesteret du er i utlandet. 
  • Fylle ut studentkontrakt som skal leverast til Internasjonalt kontor. Her oppgir du nødvendige opplysningar og kontaktinformasjon, i tilfelle noko uforutsett skulle hende. 

Erasmus+ studentar 

Erasmus+ studentar må signere Erasmus+ Grant Agreement og gjere seg kjent med Erasmus+ student charter. Du vil få desse dokumenta frå Internasjonalt kontor etter at du er tatt opp ved vertsinstitusjonen.

Visum og pass

Enkelte land krev visum for studentar på utvekslingsopphald. Du må sjølv ordne med dette. Vi oppfordrar deg til å ta tidleg kontakt med det aktuelle lands ambassade i Norge for å få informasjon om søknadsprosedyrer og kva dokumentasjon dei krev.

Du søker om visum etter at du har fått opptak til studiet, eller når praksisopplegg er bekrefta av vertsinstitusjonen i utlandet.

Sjekk at du har pass som er gyldig i minst 6 månader etter at du er kome tilbake til Norge.

I nokre land må du i tillegg til visum også ha oppholdsløyve. Det aktuelle lands ambassade i Norge vil gi meir informasjon.

Forsikring

Dersom du skal studere mindre enn 12 månader i utlandet eller har støtte frå Lånekassen, er du medlem i folketrygda. Les meir på  Nav sine nettsider. Husk å skaffe deg nødvendig forsikring utover den folketrygda tilbyr. Studentforsikring kan teiknast gjennom ANSA, som er ein interesseorganisasjon for studentar i utlandet.

Dersom du skal studere i eit EØS-land eller Sveits, må du ha med deg Europeisk helsetrygdkort.

Hybel

Dei fleste av våre partnarinstitusjonar har gode ordningar for å hjelpe internasjonale studentar med å finne ein stad å bu. Det er sterkt anbefalt å bu på studenthyblane som skulen tilbyr. Då blir du fort kjent med andre studentar, og inkludert i studentmiljøet.

Vaksiner

Folkehelseinstituttet opplyser om nødvendige vaksiner ved opphald i utlandet.

Språkførebuingar

Det er ikkje krav om språktest dersom du er utvekslingsstudent gjennom Nordplus. Dersom du reiser gjennom Erasmus+, skal du ta ein "Online Assessment Test". Dette er ei uformell vurdering av språkkunnskapane dine. 

Nokre samarbeidspartnarar krev karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skule, medan andre krev ein språktest som kan vere den britiske IELTS-testen som Folkeuniversitetet administrerer, eller TOEFL-testen.

På ansa.no finn du informasjon om engelsktestane

Under og etter utveksling

Les om sikkerhet og beredskap, dokumentasjon og rapportering