Hopp til innholdMeny

Om HiSF

Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) har om lag 3800 studentar og 330 tilsette fordelte på studiestadane Sogndal og Førde. Fellesadministrasjonen er plassert i Sogndal, der også rektor har hovudarbeidsplass. HiSF byr på eit breitt studietilbod med studium innanfor helse- og sosialfag, lærarutdanning, idrettsfag, natur-og ingeniørfag, økonomisk administrative fag og samfunnsfag. 

Oppgåva vår er å yte tenester med ein yrkesrelevant profil innanfor høgskulens kunnskapsfelt. Høgskulen skal vere eit fagmiljø som utforskar og utviklar, og ein plass der både studentar og tilsette lykkast. Visjonen vår er: "Sikt høgare!"

Ein gjeng glade studentar