Open Access
Open Access (OA) betyr at vitskaplege publikasjonar vert gjort fritt tilgjengelege på internett. Opphavspersonen beheld opphavsretten til publikasjonen, men alle kan fritt lese, laste ned, kopiere, distribuere, skrive ut, søkje i eller lenke til fullteksten.
Strategisk plan 2014-2018 for HiSF har som eit delmål
å formidle resultata frå FoU-aktiviteten til samfunnet og auke bruken av «open access»-publisering.
HiSF har oppretta eit publiseringsfond for Open Access der tilsette kan få dekt utgiftene til forfattarbetaling ved publisering i Open Access-tidsskrift.
Korleis publisere Open Access?
Det er to vegar til Open Access:
- Å velje ein publiseringskanal (tidsskrift eller bok) som vert produsert Open Access. Publiseringskanalen vert oftast finansert gjennom ei publiseringsavgift.
- Eigenarkivering av artiklar som er publisert i tradisjonelle abonnementsbaserte publiseringskanalar.
Artiklane vert gjort fritt tilgjengelege i opne publiseringsarkiv som HiSF Brage når utgjevar tillet det.
Eigenarkivering i Brage gjer du via Cristin. Når du har registert ein publikasjon, trykk på «Levér fulltekstdokument» og føl instruksjonane som kjem opp på skjermen.
Biblioteket sjekkar kva forlaget tillet før eventuell publisering i HiSF Brage. Ved å laste opp fulltekstdokumentet godtek du høgskulen sin avtale om publisering.
Meir om publisering i HiSF Brage
Openaccess.no (Cristin)
DOAJ - Directory of Open Access Journals
Prinsipper for åpen tilgang til vitenskapelig publisering (Forskningsrådet).
OA tidsskrift godkjende av NSD