Hopp til innholdMeny

Politiattest

På ein del studium er det krav til at du skal legge fram politiattest.

Kven skal levere politiattest?

Studentar på barnehagelærar, barnevern, engelsk årsstudium (for lærarar), friluftsliv, grunnskulelærar, idrettsstudium, praktisk-pedagogisk utdanning, sosialt arbeid, sjukepleie og vernepleie skal levere politiattest.

Følgande vidareutdanningar har også krav om politiattest: Anestesisjukepleie, intensivsjukepleie, operasjonssjukepleie, psykisk helsearbeid og rehabilitering, helsefremjing og velferdsteknologi.

Kva skjer hvis eg ikkje leverer?

Søkjarar eller studentar som ikkje leverer politiattest jamfør reglane i forskrift om opptak til høgare utdanning, har ikkje rett til å delta i klinisk undervisning eller praksisstudium ved den aktuelle utdanninga.

Korleis søker eg?

Du søker om politiattest elektronisk via politiets nettsider. I søknaden skal du opplyse om kvifor du treng attesten, og legge ved stadfesting på tilbod om studieplass (frå Samordna opptak eller SøknadsWeb).

NB! Politiattesten skal ved levering til høgskulen ikkje vere eldre enn tre månader. 

Merk at politiet har ei behandlingstid på inntil 4 veker.

Kva står i politiattesten? 

I politiattest for personar som skal ha omsorg for eller oppgåver knytt til mindreårige (barneomsorgsattest), skal det gå fram om personen er sikta, tiltalt, har vedtatt forelegg eller er dømt for overskriding av paragrafar i straffeloven som omhandlar narkotika, seksualforbrytingar og voldssaker, jf. Politiregisterloven.

Når og kor skal eg levere politiattesten?

  • Dersom du ikkje har merknad på politiattesten, skal du levere politiattest ved studiestart. Du leverer attesten i Studenttorget (Sogndal) eller Servicesenteret (Førde).
  • Dersom du har merknad på politiattesten, skal du sende politiattesten til HiSF seinast 3 veker etter at du har fått tilbod om studieplass. Les meir om retningslinjer og konsekvensar ved merknad på politiattesten.