Prosjekt til fordjuping
Studiet passar for deg som er rådgivar eller lærar på yrkesfaglege program i vidaregåande skule. Studiet gir deg grunnlag for å vidareutvikle faget prosjekt til fordjuping med utgangspunkt i eigen praksis og erfaring.
Studieinnhald
Tilbodet er ein del av satsinga Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar.
Du lærer om
- innføring i faget prosjekt til fordjuping
- ungdom, læring og identitetsutvikling
- kommunikativ dugleik, rettleiing og fokus på kritisk analyse av eigen praksis
- innføring i entreprenørskap og REAL som pedagogisk verktøy
- pedagogisk teori og metode i arbeidet med prosjekt til fordjuping
Studiet er sett saman av to emne á 15 studiepoeng:
Prosjekt til fordjuping 1
Prosjekt til fordjuping 2
Kvart emne går over eitt semester.
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar, gruppearbeid og praksis på eigen arbeidsplass. Studiet er samlingsbasert, med obligatorisk oppmøte. Det vil bli tre samlingar over to dagar i kvart semester.
Mellom samlingane vil kommunikasjonen gå føre seg gjennom bruk av e-læringsverktøyet Fronter. Rettleiing av prosjekt vil skje via nettkonferanseverktøyet Adobe Connect.
Det er ein føresetnad at emne 1 er gjennomført før du kan ta emne 2.
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Bergen
- Studielengd:
- 1 år deltid
- Studiepoeng:
- 30
- Nivå/grad:
- Vidareutdanning
- Opptakskrav:
- Fullført lærarutdanning og arbeide som lærar i vidaregåande skule.
- Studiekode:
- 1999
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.08.2015