Hopp til innholdMeny

Retningslinjer for innleveringar

Retningslinjene gjeld heimeeksamen, mappeinnlevering, semesteroppgåve, prosjekt, bachelor- og masteroppgåve.

Innlevering på papir

  • Framsida på oppgåva skal mellom anna innehalde kandidatnummer. I framsidemalane som du finn på denne sida, går det fram kva andre opplysningar som skal vere med. Kandidatnummer finn du i StudentWeb. 
  • Oppgåva skal være ferdig stifta når du leverer den, med éin stift øverst i venstre hjørne. Ikkje bruk plastmapper eller andre formar for innbinding.
  • Bachelor- og masteroppgåver skal leverast i tre eksemplar. 
  • Bacheloroppgåver i Førde og masteroppgåver på Master i samhandling og Master i organsisasjon og leiing skal leverast elektronisk (sjå reglar for elektronisk innlevering under).
  • Heimeeksamen/mapper/prosjekt/andre oppgåver skal leverast i to eksemplar dersom ikkje anna er oppgitt. Studentar i Førde skal levere tre eksemplar.
  • Individuelle oppgåver skal leverast personleg, og du må vise legitimasjon. Til gruppeeksamen/prosjektarbeid kan éin frå gruppa levere for alle.
  • Frist for alle innleveringar er kl. 14.00.

Studentar i Sogndal leverer i Studenttorget i Høgskulebygget, eller som post til Høgskulen i Sogn og Fjordane, postboks 133, 6851 Sogndal.

Studentar i Førde leverer i Servicesenteret i Høgskulebygget på Vie, eller som post til Høgskulen i Sogn og Fjordane, postboks 523, 6803 Førde.

Viktig dersom du leverer via postsending: Skriv avsendar bak på konvolutten. Dersom du sender oppgåva på sjølve eksamensdatoen, må postfunksjonær skrive på konvolutten kva klokkeslett den er innlevert (må leverast innan kl. 14.00).

Elektronisk innlevering av bachelor- og masteroppgåver

  • Elektronisk innlevering skjer i Fronter. Du får beskjed i god tid kvar i Fronter oppgåva skal leverast.
  • Du skal bruke høgskulen sine oppgåveframsider. Fullmaktsskjema for publisering fyllast ut som side to.
  • I tittelfeltet i Fronter skriv du kandidatnummeret og namnet ditt.
  • All innlevering skal vere i pdf-format, og tekstfila må vere søkbar (ikkje scanna inn). Du har sjølv ansvar for å sjekke at rett fil blir levert.
  • Det er ditt ansvar at oppgåva blir levert innan fristen. Frist for innlevering finn du i StudentWeb. 
  • Dersom du har fått innvilga tilrettelagt eksamen med ekstra tid, må du kontakte eksamenskontoret.
  • Dersom det oppstår tekniske problem, må du skaffe dokumentasjon og ta kontakt med eksamenskontoret så snart som mogleg for å avklare situasjonen.
  • Det er den elektronisk innleverte oppgåva som er gjenstand for sensur. 
  • Det blir gjennomført plagiatkontroll av innleverte eksamensoppgåver.