Rettleiing og coaching i leiing
Dette studiet passar for deg som arbeider med rettleiing eller coaching, undervisning eller har leiaroppgåver i offentlig eller privat sektor. Studiet gir deg ei verktøykasse til bruk i ulike rettleiingssituasjonar.
Studieinnhald
Du tileignar deg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse innan følgjande tema:
- Kommunikasjon, relasjon og dialog i leiing
- Leiing og relasjonell kompetanse
- Leiar som coach og rettleiar
- Ulike leiar-, rettleiarroller og omgrep
- Tilhøvet mellom personen og rolla
- Fagleg og personleg utvikling
- Rettleiing og coaching i grupper
- Dynamiske, kognitive og sosiale prosessar
- Teamutvikling og teamarbeid
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar og øving i grupper, sjølvstudium, rettleiing og skriftleg arbeid.
På fellessamlingane jobbar vi teoretisk og praktisk med sentrale emne og problemstillingar. Det er lagt opp til 20 timar grupperettleiing.
«Det er nyttig å møte andre med anna yrkesbakgrunn enn ein sjølv, og få innspel og diskutere med andre. Eg har lært mykje om rettleiing, og blitt meir bevisst på korleis eg rettleier.»
- Kjellaug K. Berntsen
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Førde
- Studielengd:
- ½ år deltid
- Studiepoeng:
- 15
- Nivå/grad:
- Vidareutdanning
- Opptakskrav:
- Treårig høgskule- eller universitetsutdanning, og to års yrkespraksis. Anna utdanningsbakgrunn kan vurderast særskilt.
- Studiekode:
- 216 1609
- Søknad frå:
- 01.09.2016
- Søknadsfrist:
- 01.11.2016