Spesialpedagogikk
Denne vidareutdanninga er for deg som er tilsett i skule, barnehage eller andre institusjonar med barn og unge som har særskilte opplæringsbehov.
Studieinnhald
Studiet bygger på grunnutdanning i pedagogikk. Du tileignar deg kunnskap om opplæring og individuell tilrettelegging for barn, unge og vaksne med lærevanskar og ulike funksjonshemmingar.
Du lærer om
- lover og rammer for tilpassa opplæring og spesialundervisning
- lærevanskar og særskilte behov i eit system- og individperspektiv
- didaktikk og spesialpedagogisk verksemd
- korleis du kan arbeide med spesialpedagogiske oppgåver i samarbeid med kollegaer, føresette og ulike hjelpeinstansar
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar, gruppearbeid, sjølvstudium, rettleiing og skriftleg arbeid.
Studiet går over to semester, og dert blir lagt opp til 10 samlingar á to dagar, og arbeid mellom samlingane. Det er obligatorisk oppmøte.
Mellom samlingane vil kommunikasjonen gå føre seg gjennom e-læringsverktøyet Fronter.
Veit du at denne vidareutdanninga kan vere skulerelevant fag i 4. studieår i GLU 1-7 og 5-10?
«Eg ville bygge vidare på førskulelærarutdanninga mi for å kunne møte barn, kollegaer, foreldre og hjelpeinstansar som ein tryggare og meir kompetent pedagog. Forelesarane tar opp relevante problemstillingar og utfordringar eg møter i jobben.»
- Anne Leknes Gryte, tidlegare student
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Sogndal
- Studielengd:
- 1 år deltid
- Studiepoeng:
- 30
- Nivå/grad:
- Vidareutdanning
- Opptakskrav:
- Lærar, førskulelærar, grunnskulelærar, faglærar, sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog, bachelor i pedagogikk eller utdanning i idrett for funksjonshemma.
- Studiekode:
- 2161001
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.04.2015