Toppidrettsstudent
Driv du med idrett på høgt nivå, og ønskjer å ta høgare utdanning? Gjennom vår samarbeidsavtale med Olympiatoppen kan du gjere begge delar.
Samarbeidet med Olympiatoppen skal gjere det mogleg for deg som er idrettsutøvar å kombinere studium og idrettsleg utvikling på eller mot eit toppidrettsnivå. Avtalen omfattar alle studietilboda våre.
Eksempel på tilrettelegging kan vere
- fleksibilitet i studieløpet
- eksamen til andre tider enn i oppsett eksamensplan
- gjennomføring av eksamen ved ein annan institusjon
Utover dette har studentar med toppidrettsstatus dei same rettar og plikter som ordinære studentar. Du er sjølv ansvarleg for at du tilfredsstiller krava for å kunne gå opp til eksamen. Eksempel på dette er at du må ha fått godkjent obligatoriske arbeidskrav.
Korleis få status som toppidrettsstudent?
Det er Olympiatippen som avgjer om du får status som toppidrettsstudent.
Du må
- vere utøvar eller aktuell utøvar for landslag eller eliteserielag
- tilfredsstille Olympiatoppen sine krav til toppidrettsstatus
- levere dokumentasjon i form av stadfesting frå sportsleg eller administrativ leiar i forbund, team/lag eller frå Olympiatoppen
- gi ein kort beskrivelse av dine kortsiktige og langsiktige idrettslege mål, samt trenings- og konkurranseplanar framover
Korleis søke?
Du søker først på det aktuelle studiet på vanleg måte. Søknadsfrist og opptakskrav er dei same som for andre søkjarar.
Etter at du har fått opptak og takka ja til studiet, tar du kontakt med høgskulen sin toppidrettskontakt.