Hopp til innholdMeny

Ungdomssosiologi

Kva kjenneteiknar ungdomstida, og kva påverkar liva til unge menneske? Årsstudium i ungdomssosiologi gir deg innsikt i unge sine oppvekstvilkår. Studiet passar for deg som er interessert i samfunnet, og særleg ungdomsproblematikk.

Oversiktbilde over biblioteket ved høgskulen.
Som student ved HiSF har du tilgang til flotte læringsfasilitetar.

Studieinnhald

Studiet fokuserer på korleis kjønn, sosial klasse, familie, nærmiljø, vennskap og media påverkar overgangsfasen frå barn til vaksen.

Du lærer om

  • kva utfordringar og forventningar som møter unge i dagens samfunn
  • kva forhold i familien, skulen, vennegjengen, nærmiljøet og samfunnet som forklarer ulik meistring
  • sosiologifaget og samfunnsvitskapleg og historisk metode

Årsstudiet utgjer første år av bachelor i sosiologi - ungdomssosiologi ved HiSF.

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, skriftleg arbeid med rettleiing, seminar- og gruppearbeid. Det er lagt opp til mykje sjølvstudium.

Veit du at dette studiet er nyttig som tilleggsutdanning for barnevernspedagogar, sosionomar og lærarar?

Fakta om studiet

Studiestad:
Sogndal
Studielengd:
1 år
Studiepoeng:
60
Nivå/grad:
Årsstudium
Opptakskrav:
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. 
Poenggrense ved siste opptak:
Ordinær kvote: Alle kvalifiserte. Kvote for førstegangsvitnemål: Alle kvalifiserte
Studiekode:
216 351
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.04.2015

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak