Hopp til innholdMeny

Vernepleie

Ønsker du å legge til rette for god livskvalitet for menneske med spesielle behov? Bachelor i vernepleie gir deg både miljøterapeutisk og helsefagleg kompetanse til å arbeide med menneske med samansette funksjonsvanskar.

Møt ein student og ein lærar frå vernepleiestudiet.

Studieinnhald

Brukarane du jobbar med som vernepleiar kan vere personar med psykisk utviklingshemming eller funksjonshemming, eller personar i psykiatrien og eldreomsorga.

Du lærer

  • å sjå og forstå behov hjå menneske med samansette funksjonsvanskar
  • å analysere etiske problemstillingar
  • å kommunisere og samarbeide med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • å planlegge og sette i verk tiltak for brukaren si deltaking i samfunnet

Du har tverrfaglege emne som miljøarbeid, habilitering og rehabilitering, helsefag, psykologi, jus, samfunnsfag og pedagogikk.

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, seminar, presentasjonar, praktiske øvingar med meir. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Ein tredjedel av studiet er praksis.

Veit du at du kan ta emnet Global Knowledge, og ha praksis i Zambia?

Les om Global Knowledge

Veit du at du kan ta studiet på deltid?

Les om deltidsstudiet

«Jeg valgte vernepleiestudiet fordi jeg ønsker å jobbe med mennesker. Nærheten til lærekreftene og et godt studentmiljø gjorde at jeg valgte Sogndal. Jeg var redd for å bli borte i mengden i Oslo. Her er foreleserne på fornavn med oss. »

- Ole Marius Halvorsen

Fakta om studiet

Studiestad:
Sogndal
Studielengd:
3 år
Studiepoeng:
180
Nivå/grad:
Bachelor
Opptakskrav:
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. 
Krav om politiattest
Poenggrense ved siste opptak:
Ordinær kvote: 40,0. Kvote for førstegangsvitnemål: 29,6
Studiekode:
216 060
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.04.2015

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak