Laster...

EndNote

EndNote er eit verktøy for referansehandtering. Med EndNote kan du finna, lagra og organisera eigne litteraturreferansar. I neste omgang kan du nytta EndNote til å laga referansar og litteraturlister i artiklar, avhandlingar e.l. medan du skriv i Word. Programmet har over 4500 predefinerte bibliografiske stilar å velja mellom.

Høgskolen i Telemark har lisens på EndNote for alle studentar og tilsette. Programmet er brukarvenleg og relativt enkelt å ta i bruk.

Nedlasting av programmet

På datamaskinar ved Høgskolen i Telemark:
Finn du programmet via Start - Alle programmer - Installasjon - Installer EndNote.

For å lasta ned EndNoteX7 til heime-PC eller bærbar PC:
Klikkar du på denne lenka: https://download.hit.no/fagprogramvare/endnotex7.exe.
Køyr fila og følg vegvisaren som dukkar opp.
Det vert krevd innlogging med godkjent HiT-brukar.

For å laste ned EndNoteX7 til Mac:
Klikk på denne lenka: endnote. Installer som alle andre program.

Word
Problem med å få opp EndNote i verktøylinja i Word?
Prøv denne oppskrifta: http://endnote.com/support/faqs/endnote

Brukarrettleiing

Nettførelesing om EndNote frå bibliotekets YouTube kanal.

For ein introduksjon til EndNote rår me til å sjå på videoane på EndNote Online Tutorials.

Universitetsbiblioteket i Agder har laga ei god rettleiing til EndNote.

Biblioteket tilbyr brukarstøtte.
Ta kontakt med biblioteket på studiestaden din om du ynskjer introduksjonskurs eller rettleiing i bruk av programmet.
Kontaktpersonar:

Relevante dokumenter
Relaterte sider
Ansvarlig for siden, - 12:48 18.02.15 - Skriv ut
Til toppen