I Folkekunst 2 arbeider du som student vidare med element frå folkekunsten inn i vår eiga tid.
Organisering
Studiet er bygd opp om to delar, ein fellesdel og ein spesialiseringsdel.
Fellesdelen handlar om å få røynsle og innsikt i formande handverksprosessar, formidling av kultur - og tradisjonsstoff
og innsyn i FoU-arbeid.
Spesialiseringsdelen byggjer på verkstadfaget i grunnstudiet folkekunst 1. I spesialiseringsdelen får du vidareutvikle dine kunnskapar, arbeide med vern, fornying og formidling av den materielle formkulturen og arbeide med utforming av gode samtidsprodukt.