Kreativ maskinstrikking 1 er eit studium berekna på studentar innan formgjeving, kunst og handverk, folkekunst og utøvarar innan tekstil.
Målet med studiet er å gje deg ei grundig innføring i strikkemaskin som reiskap i eige formgjevande arbeid. Du skal verte i stand til å utnytte dei moglegheitene som strikkemaskin som reiskap har og bruke dette i heilskaplege løysingar i produksjon av klede og andre tekstilar.
Stikkord:
Studiet er lagt opp gjennom 7 heile vekesamlingar med obligatorisk deltaking. Det er ein føresetnad at du har tilgang på strikkemaskin som du kan arbeide med heime.
Vekesamlingar:
- kunngjerast så snart dei er klare.