Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


For søkjarar / Internasjonalisering / Utvekslingsprogram / NORDPLUS /

Kort skildring
Nordplus» står for «Nordisk Program for Lærere, Utdanningssøkende og Studerende». Programmet skal gjennom økonomisk støtte fremje utveksling av studentar og lærarar mellom universitet og høgskoler i Norden. Videre skal programmet stimulere samarbeid innan nettverk av universitet og høgskuler i Norden. Nordplus ble introdusert i 1988, og programmet ble i 1995 utvidet til også å gjelde dei baltiske land.

Studentutveksling
Med stipend fra Nordplus kan du ta delar av studiet ved ein lærestad i eit anna nordisk land. Fagkretsen ute er ein integrert del av fagplanen ved HVO og studieopphaldet skjer uten tap av tid. Du må ha fullført minst eitt år av dine studie for å kunne søke om Nordplus-stipend.

Nordplus er Nordens Erasmus-program
Nordplus-programmet er bygget opp etter same lest som Erasmus. Studieopphaldet i utlandet er førehandsgodkjent av relevant fagavdeling. Du får hjelp til å tilrettelegge ditt studieopphold ved lærestaden ute og du får hjelp til å finne studentbolig.

Nettverk
Samarbeidet innan Nordplus-programmet er organisert som nettverk av samarbeidande lærestader i fleire nordiske land. Studentutvekslinga skjer i hovudsak innanfor nettverket. Men det er også mogeleg å reise ut som «fritt rörliga studenter», dvs. at du kan søke Nordplus-stipend for å studere ein periode ved ein lærestad som HVO ikkje har avtale med. Antall stipend er begrensa for denne type utveksling. HVO er med i fleire Nordplus-nettverk, m.a. innan medieutdanningane.

Nordplus-stipend og reisestøtte
For å gi deg ein peikepinn på storleiken på Nordplus-stipend, oppgir vi stipendbeløpene for 2002: NOK.3000,- for 1/4 år DKK 6.000,- for 1/2 år DKK 12.000,- for 1 år. I tillegg kjem reisestøtte. Dessutan får du vanleg studiefinansiering fra Lånekassen som om du var ordinær student ved HVO. For nærare informasjon om Nordplus studiemogelegheiter, søknadsprosedyre, mm., ta kontakt med Internasjonalt kontor. Meir informasjon om programmet finn du også på
Senter for internasjonalt universitetssamarbeids (SIU) heimesider.

Søknad
Søknadsfristen for dei fleste Nordplusnettverka er 1. april vår og ca 20. oktober høst, men fristen kan vere fleksibel så lenge det er ledige plassar. Enkelte Nordplusnettverk opererer med tidlegare fristar. Kontakt Internasjonalt kontor for å få vite kva tidsfristar som gjeld.

Det er ikkje du sjølv som søkjer opptak ved ein annan lærestad som Nordplusstudent. Kontaktpersonen for kvart enkelt Nordplusnettverk gjer dette for deg, og denne personen syter også for at du får stipend. Du kan berre få plass ved ein nordisk studiestad dersom det allereie er inngått ein avtale mellom fagmiljøet ved HVO og det universitetet du ønskjer å reise til.

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Cecilie Wilhelmsen 17.10.2006
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning