|
Innpassing av tidlegare utdanning Har du høgare utdanning som kan gå inn som del av studiet du skal ta ved HVO, kan du søkje om å få denne innpassa i studiet. Innpassing tyder at den tidlegare utdanninga di går inn som erstatning for ein del av studiet ditt, og at du får fritak for emne du elles måtte ha teke for å fullføre studiet. Dette gjeld særskilt for studentar på fleirårige studium. Allmennlærarstudentar nyttar eige skjema. Fyll ut og legg ved dokumentasjon på tidlegare utdanning:
Generelt søknadsskjema for innpassing og fritak frå fag (.pdf)*
Innpassing av fag i allmennlærarutdanninga Allmennlærarstudentar har høve til å søkje innpassing av obligatoriske eller valfrie delar av lærarutdanninga på grunnlag av tidlegare utdanning. Studentane har også høve til å søkje om fritak for obligatoriske delar av utdanninga på grunnlag av anna utdanning, og å søkje om få anna utdanning godkjend som fjerde året i allmennlærarutdanninga.
Søknadsskjema for fritak frå fag og innpassing i allmennlærarutdanninga (.pdf)*
Førehandsgodkjenning Studentar som skal ta delar av utdanninga si ved andre institusjonar i Noreg eller i utlandet kan søkje om førehandsgodkjenning av den utdanninga dei planlegg å ta som del av ein grad hos oss.
Ta kontakt med Internasjonalt kontor i 3. etg. BK - tlf. 70075120 eller send ein mail cw@hivolda.no.
* Skjemaet er i pdf-format, og kan lesast med Acrobat Reader. Du kan laste ned Acrobat Reader ved å klikke her. Du kan også kontakte studentkontoret for å få sendt søknadsskjema.
« Tilbake
|