|
Classfronter er eit e-læringsverkty utvikla av firmaet >>Fronter som held til i Oslo. Produktet byggjer på Projectfronter, eit prosjektstyringsverkty og som er med i pakken for kundar som kjøper Classfronter. Classfronter er firmaet sin største suksess og for mange synonymt med >>Fronter.
Learning Managment System. Classfronter er eit Learning Management System, altså eit datasystem som er utvikla med tanke på å legge til rette for nettstøtta eller nettbasert undervisning. LMS system er datasystem som ved hjelp av databasar lagrar data om informasjon og kommunikasjon knytt til ein læringssituasjon.
Classfronter er eit nettbasert LMS og krev difor ingenting av ekstra programvare på PC-en utover nettlesar, alt Classfronter gjer skjer i nettlesar.
|