Vitskapleg publisering

 

Nytt system for forskingsdokumentasjon frå 2005

Eit resultat av dette arbeidet er ITAR - ei teknisk løysing som inneheld autoritetsregister for vitskaplege publikasjonskanalar, publikasjonsformer og institusjonar. Den inneheld også data om vitskaplege publikasjonar frå ulike dataleverandørar (ISI, Norart, BIBSYS). NSD har ansvaret for praktisk tilrettelegging og drift.

Kva er vitskaplege publikasjonsformer?

                    Definisjonar av omgrepa
     

  • Vitskapleg monografi
  • Vitskapleg artikkel i antologi (t.d. kapittel i bok)
  • Vitskapleg artikkel i periodika eller seriar (t.d. tidsskriftartikkel)

Godkjente vitskaplege publiseringskanalar
  • Oversikt over vitskaplege ISSN-titlar (dvs. tidsskrift) og utgjevarar av vitskaplege ISBN-titlar (dvs. forlag) finst på UHR-sidene. Her er også oversyn over nivå 2-tidsskrift.
  • NSD/DBH har ei side der ein kan søke etter tidsskrift eller forlag ved hjelp av tittel eller ISSN. Her kan ein også legge inn forslag til nye publiseringskanalar: http://dbh.nsd.uib.no/kanaler/
  • Frist for å levere forslag til nye publiseringskanalar er 9. desember 2005. Desse kan ein legge inn sjølv (jf. punktet ovanfor) eller sende ein e-post til FoU-konsulenten (bentegl@hivolda.no)

Ny budsjettmodell
Resultatbasert omfordeling (RBO) av forskingsmidlar vart endra i 2006-budsjettet:

Gamal RBO Ny RBO

(statl. høgsk.)
- førstestillingar
- eksternt finanisert verksemd
- studiepoeng

(alle U&H)
- vitskapleg publisering (vekt 0,3)
- doktorgradskadidatar (vekt 0,3)
- EU-midlar (vekt 0,2)
- NFR-midlar (vekt 0,2)

NSD/DBH har oversikt over vitskaplege publikasjonar (data 2004) som gav utteljing i RBO. Oversikta går heilt ned på avdelingsnivå, men viser berre tal, dvs. forfattarandelar, antal publikasjonar og publikasjonspoeng.