Aktuelt
Tre tilsette og ein student frå Høgskulen i Volda deltok på Nasjonal konferanse om inkluderende læringsmiljø i Bergen 13.-15. februar, med undertittel ”Tilgjengelighet til høyere utdanning for alle”. Programmet og alle foredraga er lagde ut på nettstaden universell.no
[ Les meir ]
Etter UH-lova § 44 er alle universitet og høgskular pålagde å opprette eit læringsmiljøutval.
Styret for Høgskulen i Volda nemnde opp medlemmer og varamedlemmer til utvalet i møte 29. oktober 2002, sak 53/2002, men av ulike grunnar vart ikkje utvalet konstituert før 9. februar 2004.
LMU ved Høgskulen i Volda har seks medlemmer: tre representantar for dei tilsette og tre student-representantar. Det er nemnt opp varamedlemmer. Studentsamskipnaden for Sunnmøre har f.o.m. 2. desember 2004 observatørstatus i utvalet.
Styret har det overordna ansvaret for studentane sitt læringsmiljø. Læringsmiljøutvalet rapporterer direkte til styret. LMU skal sjå til at institusjonen sikrar studentane kontroll og medråderett i saker som vedkjem læringsmiljøet, vere eit viktig organ for å skaffe informasjon til styret og eit proaktivt organ (ein pådrivar) i læringsmiljøsaker.
Arbeidsfordelinga mellom Læringsmiljøutvalet, andre sentrale utval og aktørar innanfor læringsmiljø vil bli avklara så snart som råd.
![]() |
Meld inn avvik og betringar, tips, forslag og kommentarar til Forumet! |