|
Tre tilsette og ein student frå Høgskulen i Volda deltok på Nasjonal konferanse om inkluderende læringsmiljø i Bergen 13.-15. februar, med undertittel ”Tilgjengelighet til høyere utdanning for alle”. Programmet og alle foredraga er lagde ut på nettstaden universell.no
Målet med konferansen var å gje tilsette som har spesielt ansvar overfor studentar med funksjonsnedsetjing fagleg påfyll og vidareutvikle eit nasjonalt nettverk som kontaktpersonar, konsulenttenester, rådgjevingstenester, læringsmiljøutval m.fl. kan støtte seg på i det daglege arbeidet.
Ved Høgskulen i Volda er det no gjort følgjande fysiske tiltak siste året:
- Solskjerming av undervisingsrom mot sør i Henrik Kaarstad-huset, rom 1922
- Teleslynger i store undervisingsrom
- Bygging av 2 HC-toalett i Ivar Aasen-huset
- Alarmar i 12 HC-toalett på campus
- 220V kontaktar i nokre undervisingsrom og vrimleområder for lading av bærbare PC'ar
- Tilgang til underetasjen i Idrettsbygget for rørslehemma
- Rullestolrampe til Henrik Kaarstad-huset, rom 309
Ved spørsmål - ta kontakt med HVO Drift
|