Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Livslang læring / Vidareutdanning / Kunnskapsløftet / Naturfag med mål og meining / Naturfag med mål og meining /

Naturfag med mål og meining

Tiltaket «Naturfag med mål og meining» er ei målretta satsing over fem semester på kompetanseheving i naturfag for grunnskular på Sunnmøre. Tilbodet dekker både vidareutdanning (formell utdanning på 30 stp, «student») og etterutdanning (meir uformell kursverksemd, «kursdeltakar»). Tilbodet er basert på stor valfridom for den einskilde deltakar gjennom at deltakarane vel kva for verkstader dei vil vere med på. Val av verkstader styrer kva for fagleg innhald ein vil ha på sitt opplegg, både for kursdeltakarar og studentar.

Vidareutdanning (med studiepoeng)
Deltakarar som skal ha studieponeg deltek på samlingar (ei per semester), les fagstoff knytt til verkstader på samlingane, gjennomfører eit mellomarbeid/oppgåve etter kvar samling og leier eit lokalt naturfagleg utviklingsarbeid (med støtte frå kursdeltakarar på eigen skule). Meir informasjon er å finne på sida med 
studieinformasjon (kortversjon) og i studieplanen (formelt bindande dokument).

Etterutdanning (utan studiepoeng)
Kursdeltakarar deltek på samlingane men er ikkje forplikta på mellomarbeid, pensumlitteratur mm. Kursdeltakaren skal fungere som ei støtte for den som er student i arbeidet med det naturfagorienterte utviklingsarbeidet på eigen skule.

Dei deltakande skulane stiller med minst ein student, og ein eller fleire kursdeltakarar etter avtale med skuleeigar. Sjå menyen til venstre for meir informasjon om samlingar, deltakarar mm.

Påmelding
Påmelding til både etter- og vidareutdanning går gjennom eigen skule/kommune og ikke direkte til høgskulen. Før kvar samling må likevel alle deltakarar registrere kva for verkstadar dei skal delta på (sjå separate sider for Sjustjerna og NSKR).



Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 Kontakt Sjustjerna

Fagleg kontakt:
Erik Fooladi
ef@hivolda.no
70 07 53 22

Administrativ kontakt:
Anita Solheim
post@sjustjerna.no
70 01 77 13

 Sjå eiga kontaktside


 Kontakt Nordre Sunnmøre

Fagleg kontakt:
Erik Fooladi
ef@hivolda.no
70 07 53 22

 Sjå eiga kontaktside

Oppdatert av Erik Fooladi 18.10.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning