|
Naturfag med mål og meining inneheld studiet "Naturfag for lærarar i grunnskulen". Av dei 120 deltakarane er det om lag 30 som tek vidareutdanning og får 30 studiepoeng over 2 1/2 år. Studiet inneheld følgjande komponenter:
Fagdel, 20 studiepoeng
- 5 obligatoriske samlingar over to dagar (obligatorisk):
- Plenumforedrag
- Verkstader: på kvar samling skal du velje fire verkstader blant eit utval på 10
- 5 oppgåver, ei etter kvar samling knytt til ein av verkstadane du har delteke på
- Faglitteratur: kvar verkstad har sin eigen faglitteratur. Ditt val av verkstader definerer såleis kva for litteratur du les i ditt studium
- Muntleg eksamen basert på oppgåvene og litteraturen knytt til verkstadane du har delteke på
Fagdelen er delt i to (12 + 8 studiepoeng) med eksamen i desember 2008 og desember 2009. Desse byggjer på oppgåvene du har skrive og faglitteratur/innhald i dei verkstadane du har delteke på.
Utviklingsdel, 10 studiepoeng
Kvar student skal gjennom heile perioden gjennomføre eit utviklingsarbeid på eigen skule. Tema for dette vert opp til den einskilde student, og vert fastsett i samråd med rettleiar frå høgskulen. Arbeidet skal dokumenterast.
Ein sett saman studieringar ut frå geografi, og desse skal fungere som diskusjonsfora for dei ulike lokale utviklingsprosjekta.
Døme på slike utviklingsarbeid kan vere:
- setje i stand eit naturfagrom på skulen
- planleggje og gjennomføre eit større prosjekt eller undervisningsopplegg
- arbeid med lokale læreplanar i naturfag
- auke andelen av elevaktive arbeidsformar i eiga naturfagundervisning
- anna
Denne delen vert avslutta med ein munnleg eksamen som tek utgangspunkt i den skriftlege dokumentasjonen av utviklingsarbeidet.
Meir informasjon er å finne i studieplanen "Naturfag for lærarar i grunnskulen". Det er viktig at alle studentar i Naturfag med mål og meining set seg grundig inn i denne.
 Grafisk framstilling av progresjon i Naturfag med mål og meining (stor versjon for utskrift).
|