|
Val av verkstadar går etter førstemann til mølla-prinsippet. Mange av verkstadane har begrensa deltakartal, så det er lurt å registrere seg tidleg for å sikre seg plass. Kvar verkstad har eit meir detaljert informasjonsark (sjå "Meir informasjon..." under den einskilde verkstad).
Ein kan leggje opp val av verkstad på ulike vis, avhengig av fleire moment:
1) er du student (skal ha studiepoeng), eller er du kursdeltakar? Som student MÅ du på kvar samling velje minst ein verkstad med etterarbeid. Desse er merka med stjerne (*) i påmeldingsskjemaet. Kursdeltakarar står heilt fritt til å velje verkstad.
2) personlege interesser, ønsker for eigen undervisning og kva for årssteg du underviser på Ein del verkstader er retta særskilt mot bestemte årssteg (gjerne barnesteg eller ungdomssteg). Andre verkstader er meir opne med omsyn til nivå. Det treng ikkje vere noko problem å velje ein verkstad retta mot eit anna årssteg enn du sjølv arbeider på, særleg dersom temaet interesserer deg. I så fall må du være budd på i større grad å leggje tilrette temaet til bruk i eiga undervisning. Det er heller ikke sett som eit ideal at alle verkstader retta mot eit gitt årssteg skal kunne brukast direkte i undervisninga utan nokon form for lokal tilpassing.
3) tilrådde forkunnskapar Nokre verkstader føreset særskilte forkunnskapar for at deltakarane skal ha godt utbytte. Døme kan vere at man kjenner til naturfaglege omgrep, har delteke på ein bestemt verkstad på ei tidligare samling eller liknande.
4) fordjuping/breidde, tidlegare fagbakgrunn Det er opp til den einskilde om ein ønskjer å bli enda betre på tema ein allereie er kjend med, eller om ein ønskjer å fylle igjen faglege hol. Vi tror at dette kurs-/studietilbodet kan motivere og avmystifisere alle fagområda i naturfag, og at deltakarane no har sjansen til å verte interessert i områder ein er usikker på eller har mindre lystbetonte kjensler for.
Kvar deltakar står fritt til å prioritere mellom breidde (velje verkstader frå ulike fagområde) eller djupn (konsentrere seg om færre). Vi rår til at ein søker ei viss breidde fordi eitt problem innan naturfag nettopp er at mange lærarar har faglege hol innan viktige område.
Det vil ikkje være mogleg å dekkje alle fagområda på alle årssteg på ei samling (kanskje ikkje ein gong i heile 2 1/2-årsperioden), og nokre samlingar kan difor ha ei noko skeiv fagfordeling. Den faglege breidda skal derimot kome fram når ein ser fleire samlingar under eitt.
|