|
Med knapt 4 grader i lufta vart det ei kjølig fornøying under Karrieredagane i Kristiansund torsdag. Allikevel haldt dei mange elevane koken då dei fekk både underhaldning og smaksprøvar.
Då porten i Vaskehallen på Vestbase gjekk opp strømma stadig nye puljar med elevar inn. Då dei hadde kome seg inn starta eit lokalt band å spele kjende melodiar som absolutt appellerte til ungdommen. Bandet var foreløpig utan namn, men dei tre trubadurane kom frå Lydboksen, eit av fleire prosjekt under Ung Bedrift. Bandet var ikkje tilstades berre for å spele og more dei frammøtte.
- Vi går alle på musikklinja og er klare til å svara på spørsmål om korleis det er, sa Rolf, Ulf og Erlend.
Etter ei rundtur på dei ulike standane blei tiandeklassingane lokka bort til 
Rauma Vidaregåande skole sin stand. Den gode lukta minna mykje om taco, men ingrediensane i retten var likevel noko originale.
- Vi har byta ut kjøttdeigen med seifarse.
Myta om at unge ikkje et fisk bleikna kraftig denne dagen. Sei-tacoen forsvann fort frå bordene og elevane var tydeleg imponert over smaksprøva.
|