Kontakt

Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11,
6101 Volda

Postmottak@hivolda.no
Til kontaktsider

 

 

Draumejobben for leikande menn

Vi treng deg! Bli førskulelærar i Volda

Dei første åra i barn sine liv er svært viktige. Barn lærer fort og mykje - det skjer ein liten revolusjon kvar dag. Som førskulelærar får du påverke og utvikle den barnehagen som arena for leik, omsorg og læring. Dyktige og engasjerte førskulelærarar er den viktigaste faktoren for å skape eit godt barnehagetilbod for foreldre og barn. Difor: Vi treng deg! Bli førskulelærar i Volda!

Konkurranse!

Vinn iPod! Sjå i menyen til venstre.

Møt oss på vidaregåande skular i Møre og Romsdal!

- Eg trur mange menn først må oppleve dette på nært hald for å kunne forstå kor kjekt barnehageyrket eigentleg er, seier Rune. Han peikar på humor, evna til å leike, og det å vere open og lyttande som viktige eigenskapar når ein skal arbeide med barn. Sjølv har 25-åringen alltid likt friluftsliv og musikk.


Rune Eliassen og Marius S. Bakheim vil besøke vidaregåande skular i Møre og Romsdal frå måndag 26. januar.

- I dette yrket kan eg flette hobbyane mine inn i arbeidet mitt. I ein velfungerande barnehage må ein spele på personalet sine individuelle interessefelt og kvalitetar. Mange koplar det pedagogiske arbeidet saman med aktivitetar som dans, drama, forming og musikk, seier Rune.

Den engasjerte voldingen meiner at studiet ved Høgskulen i Volda er veldig oversiktleg og variert. I tillegg til dei obligatoriske faga kan ein velje fordjuping i friluftsliv og idrett, forming, musikk og drama og organisasjon og leiing. I vekde fem og seks vil  dei besøke vidaregåande skular i Møre og Romsdal for å fortelje om yrkesvalet sitt.

Trivst blant jentene

Volda har eit intimt og sosialt studiemiljø, og det lett å byggje seg eit godt sosialt nettverk. Når det i tillegg er få gutar i klassen, vert ein teken ekstra godt vare på. - Volda er unekteleg ein fin tumlestad for frie og franke karar, ler studenten. 

Status

Rune legg ikkje skjul på at han delvis valde studieretninga som ein konsekvens av lønnsauke i sektoren. -Eg har stor tru på at fleire menn vil søkje seg til dette yrket, slår han fast.Rune meiner likevel at dei yrkesaktive i sektoren må ta i eit tak om dei ønskjer fleire mannlege kollegaer, og borna treng fleire mannlege rollemodellar. - Mennene i sektoren må på banen og byggje opp ei tydelegare yrkesstoltheit. Det vil føre til auka rekruttering. Ein må flagge at det er topp å vere mann i barnehagen, slår førskulelærarstudenten fast. 

Gode grunnar til å velje førskulelærarutdanning: 

  • stort behov for førskulelærarar
  • finn jobb der du vil


Tøff i barnehagen

John Barrie (34) og Carl Helge Hovda (27) lengtar tilbake til jobb kvar morgon. - Eg må på jobb. Det er rett og slett kongekult, gliser John, som til dagen er tilsett i Olsvika barnehage der 200 ungar og 50 tilsette boltrar seg i i eit flott nytt bygg.

Naturen som arena

- Eg er gammal speidar, og har ein sterk kjærleik for natur og friluftsliv. Uteområdet vårt med fjell, sjø, skog og mark er ein strålande pedagogisk arena for dei minste. Opplevingane og gullkorna kjem tett når dei får boltre seg fritt ute, fortel John som synest det er fantastisk flott å følge med på kor fort barn lærer i denne alderen.

Den tidlegare voldastudenten er ikkje i tvil om kvifor han ville bli førskulelærar.

- Det å jobbe med ungar er veldig "feel-good". Ein får heile tida tilbakemelding­ på det ein gjer. Ein lærer mykje om seg sjølv gjennom reaksjonane frå barna, slår han fast.

Positivt overraska

Carl Helge Hovda (27) trivst stort som tilsett i Olsvika sjølv om han før hadde ein del fordommar mot yrket.

- Eg trudde at alt skulle vere så søtt og kvinneleg. Men det er ikkje slik. Som mann kan eg sette mitt preg på det pedagogiske arbeidet. No er eg stolt over å seie at eg jobbar i barnehage, slår han fast.

Menn i barnehagen

- Med fire mannlege tilsette i Olsvika er vi i klar minoritet. Likevel set vi nok eit tydeleg preg på miljøet. Faktisk trur eg at mange av dei kvinnelege tilsette set stor pris på oss, og så kan det jo sjølvsagt bli litt flørting då veit du, ler 27-åringen.

Han tykkjer det er merkeleg at så få menn søkjer mot barnehagesektoren.

- Eg fattar ikkje kvifor ikkje fleire unge menn grip høvet til å ta ei utdanning der ein verkeleg kan få bruke den leikne og guteaktige sida si i yrkeslivet, seier Carl Helge.

Høgskulen i Volda

prøver å gjere førskulelærarutdanninga meir tilpassa dei mannlege studentane. Den valfrie delen siste året har fag som også kan høve for menn:

  • Utefag som inneheld friluftsliv og naturfag
  • Organisasjon og leiing
  • Estetiske fag med musikk, drama og forming

Menn får kome i praksisbarnehagar der menn utøver profesjonsrolla og i praksisperiodane få rollemodellar og gjere erfaringar frå arbeid i barnehage i eit miljø av både kvinner og menn. Dei mannlege studentane skal møte menn i forelesingane, i praksisbarnehagane og som øvingslærarar.




Tips ein ven om denne sida:

Kommentar
Mottakaren sin e-post Din e-post
Del

Høgskulen i Volda Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda | Telefon: 70 07 50 00 | Telefaks: 70 07 50 51 | Kontakt oss
Oppdatert av Per Arne Brandal 2009-01-27 16:43:16 | Publisert med NetEd : Publish

 

 

Vikersund