Skriv ut Sideoversikt |  


Lærarutdanninga
Humanistiske fag
Mediefag
Samfunnsfag
Ivar Aasen-instituttet
Biblioteket
Kontor for etter- og
   vidareutdanning

Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Lærarutdanning / Forsking og utvikling / PLUTO - prosjektet / PLUTO og IKT /

PLUTO OG IKT

PLUTO-prosjektet har fokus på læring, kor endring i samarbeid og samhandling gir nye lærings- og studieformer der IKT utgjer ein substansiell del. 


I fyrste fase av prosjektet vil alle undervisnings- og seminarrom ved Avdeling for lærarutdanning få trådlaust nettverk. Alle dei involverte lærarane i PLUTO prosjektet disponerer eit fleksibelt datautstyr der ein berbar PC med trådlaus oppkoplingsmuligheit både er arbeidsstasjon på kontoret og saman med prosjektør er presentasjonsverktøy i undervisning og rettleiing av studentane.


Det er satsa mykje på å få etablert arbeidsplassar med datautstyr for studentane. I dag har vi om lag 70 slike studieplassar knytt til Avd. for lærarutdanning, og vidare om lag 100 arbeidsplassar med datautstyr i tilknyting til lesesal/bibliotek i Berte Kanutte.  

Frå hausten 2002 vil studentane i PLUTO prosjektet (1. årssteget og 2. årssteget) få eit gunstig tilbod om å kjøpe berbare PC 'ar med trådlaus nettilkopling i høgskulens sine studiearealar. Sjå meir om dette tilbodet på sidene om berbar PC.


Som e-læringsverktøy for studentar og lærarar har Høgskulen i Volda teke i bruk Classfronter som programplattform. Les meir om dette programmet på http://fronter.com/no/.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Fooladi Erik 07.03.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning