Nyheitssøk | Nytt på e-post | Presseklipp | Ut i verda?
| Studentar snart heime frå India | ||
|
I nesten sju veker har studentar ved Bachelorgradsstudiet i Journalist ved Høgskulen i Volda vore i India gjennom kurset ”Reportasjearbeid i framand kultur,” skriv Eirik Stokstad Brødholt i eit lite reisebrev. [ Les meir ] - 15.11.2007 |
|
|
| Volda studentidrettslag startar Ju Jitsu-trening | ||
|
Har du lyst å læra sjølvforsvar på ein spennande måte? No har Volda Studentidrettslag (VSI) starta treningar med den japanske kampsporten Ju Jitsu. - Det vil i hovudsak verta lært teknikkar frå Ju Jitsu, men det kan òg vera innslag av andre kampartar på treningane, skriv instruktør Harald Kvangarsnes på VSI si heimeside. [ Les meir ] - 14.11.2007 |
|
|
| Gunnar-prisar til Linda Fagerli Sæthren | ||
|
Linda Fagerli Sæthren, tidlegare student og no tilsett ved Høgskulen i Volda, vann publikumsprisen og prisen for beste nordisk-baltiske studentfilm for dukkefilmen ”Janus” under Fredrikstad Animation Festival i helga. [ Les meir ] - 13.11.2007 |
|
|
| Ny bok om Kollektivet | ||
|
I fjor debuterte Torbjørn Lien frå animasjonsmiljøet ved Høgskulen i Volda, med teikneserien Kollektivet i bokform. I haust er den viltre gjengen tilbake i oppfylgjaren ”Begjær til besvær”. [ Les meir ] - 12.11.2007 |
|
|
| Nytt forskingsprosjekt skal betra lærarutdanninga | ||
|
Dei to neste åra skal tilsette ved Høgskulen i Volda studera matematikk- og norskfaget i allmennlærarutdanninga. Oppdraget er ein del av forskingsprosjektet ”Nyutdannede læreres mestring av yrket”, eit arbeid med mål om å betra kvaliteten på lærarutdanninga. [ Les meir ] - 11.11.2007 |
|
|
| Studentar frå Media, IKT og Design med live-sending av teknologiturnering. | ||
|
Laurdag 10 november startar årets sending av teknologiturneringen FIRST LEGO League. Studentar ved Høgskulen i Volda overførar ei direktesending fra turneringen i Ålesund. Turneringen har rekordpåmelding og det er venta vel 1100 menneskjer på arrangementet. [ Les meir ] - 09.11.2007 |
|
|
| HMS-dag: Høgskulen tek opp omstilling | ||
|
- Høgskulen har dette året vore gjennom ein omfattande omstillingsprosess. Dette vert temaet for eit dagsseminar torsdag 8. nov, der vi set Helse, miljø og tryggleik (HMS)på dagsorden, melder Rune Mo, hovudvernombod ved Høgskulen i Volda. Vi får besøk av mellom anna universitetslektor Gunhild Zeiner Ingstad frå NTNU, og ho skal halde innlegget "Kvifor er omstillingsprosessar så skumle?”
[ Les meir ] - 07.11.2007 |
|
|
| LMU og STiV inviterer til info-møte | ||
|
Lurer du på hva det egentlig betyr å være tillitsvalgt? Vil du vite mer om hvilke muligheter og rettigheter du har, og hvordan du kan benytte deg av dem? Eller kanskje du har lyst til å møte andre tillitsvalgte på Høgskolen i Volda? [ Les meir ] - 06.11.2007 |
|
|
| Professor Hellesnes føreles om toleranse | ||
|
Onsdag 7. november kl 18.15 held filosof Jon Hellesnes si siste førelesing som professor II ved Høgskulen i Volda. Førelesinga er eit ledd i seminarrekka knytt til Mastergradsstudiet i kulturmøte, og har tittelen ”Kulturmøte - og spørsmålet om toleranse i vår tid.” Førelesinga vert halden på Berte Kanutte-huset, rom 158, og er open for alle.
[ Les meir ] - 06.11.2007 |
|
|
| Ny bok om Matias Orheim | ||
|
I desse dagar kjem Birger Løvlie ut med ei bok om salmediktaren, komponisten og romanforfattaren Matias Orheim (1884-1958) frå Stårheim i Nordfjord. I samband med bokutgjevinga vert det eit eige arrangement på Orheimstunet på Stårheim 10. november kl. 19. [ Les meir ] - 06.11.2007 |
|
|