|

Quality Ulstein Hotel, 17.-18. oktober 2007
Forskingsrådet og Høgskulen i Volda har som mål auke verdiskapinga i vårt distrikt med spesielt fokus på kvinner, og inviterer difor kvinnelege tilsette og studentar til eit inspirasjonsseminar.
Seminaret skal gi inspirasjon, ideutvikling og konkretisering av kommersialiserbar kunnskap og forsking. Målet er å mobilisere kvinner til å skape nye arbeidsplassar.
Seminaret vil inngå som ein sentral del i høgskulane i Møre og Romsdal si satsing på kompetanseheving av eigne tilsette og studentar, der kultur- og haldningsendring knytt til entreprenørskap og innovasjon er viktige element i denne strategien.
Ein tek sikte på å arrangere ulike typar oppfølgingsaktivitetar i etterkant av inspirasjonsseminaret. Deltakarane vil mellom anna bli invitert på eit oppfølgingsseminar der målet er å etablere eit kvinnenettverk som fast møteplass.
Meld deg på her innan 7. oktober
Pris Gratis for studentar! Studentar ved høgskulene i Molde, Ålesund og Volda får seminar, kost og losji dekka av prosjektet.
Pris for tilsette er kr 1850,- for kost og losji på Quality Ulstein Hotel. (Seminaret er gratis!).
|