Arkiv for september 2006

MADE IN AFRICA

onsdag 13. september 2006

tekst og illustrasjon: JORUNN HAUGSE

Made in africaDEN NIGERIANSK-BRITISKE kunstnaren Yinka Shonibare har sidan 80-talet arbeidd med tekstiler i arbeida sine. I verka hans ser vi fargerike, afrikanske trykk på stoff, som han nyttar m.a. til å sy elegante kjolar i kolonialsk stil, trekka over møbler, og til og med tapetsera heile rom. Det er nettopp den kolonialske stilen som dominerer ein del av hans arbeider. I verket Reverend on ice har han nitidig kopiert eit måleri av Sir Henry Raeburn – ein 1800-tals-prest på skøyter – til ein tredimensjonal installasjon, men latt presten vera hodelaus som ei utstillingsdukke, og gjeve dei gamalmodige kleda hans afrikanske mønster. I fotoserien African Dandy ser vi Shonibare sjølv ståande som dandyen, midt i eit kolonialsk innreia rom der tapeta og møblene har afrikanske trykk, omgjeve av kvite tjenarar. Til å byrje med kan vi se dette som ein lett humoristisk miks av vestleg og afrikansk, og som ein ironisk replikk til kolonitida per se – vestlege land okkuperte afrikanske land, tok med sine eigne stiluttrykk, som Shonibare så har imitert med afrikanske tekstiler. Men det ligg meir bak desse arbeidene enn det som umiddelbart møter auga.

DEI FAKTISKE TEKSTILENE Shonibare bruker, er nemlig produserte i Helmond, Nederland og Manchester, England. Det meste av dagens tekstiler med afrikanske trykk er laga i desse to landa. Her ser vi plutseleg ein dobbel ironi: Yinka Shonibare sitt opphavsland, Nigeria, var koloni under Storbritannia frå slutten av 1800-talet fram til 1960. Nederland var ein av dei største kolonimaktene og rådde over m.a. Ceylon (Sri Lanka), Formosa (Taiwan), Malacca (Vest-Malaysia), Tobago og sjølvsagst Sør-Afrika, der dei oppretta det berykta Apartheid (det er ikkje lenger sidan enn 1994 at den svarte befolkinga i Sør-Afrika fekk stemmerett). Begge produserer no replika av tekstiler frå landa dei ein gong rådde over, og Shonibare, ein svart mann, bruker dei til å sy og innreda i same stil som dei eingong innførte til sine koloniar.

DET SOM KAN paradoksalt, er at det i Vest-Afrika vert sett på som prestisjefylt å ikle seg ekte Dutch Wax-tekstiler, som vert produserte i Nederland. Det er sett på som eit uttrykk for «african pride». Sjølv om tekstilene er produserte langt frå det afrikanske kontinentet, er sjølve mønstera genuint afrikanske. I tillegg baserer mange produsentar seg på fair trade, noko som innebèr import av faktiske handtrykte afrikanske batikker, samt knappar og perler.

DET ER LIKAVEL ikkje til å leggja skjul på at britisk- og hollandskproduserte ‹‹afrikanske›› tekstiler vert eksporterte til afrikanske land, der dei ofte er billegare i innkjøp enn dei som faktisk er produserte lokalt. At importerte varer for den afrikanske ‹‹forbru-kar›› ofte er billegare enn lokale varer er eit problem som viser seg ikkje berre innan tekstiler. Det er ein del av den tendenens vi ser at mykje av verdiproduksjonen i visse afrikanske land går tilbake til vestlege land, i tillegg til eventuell gjeld dei afrikanske landa har til vesten.

EI TID TILBAKE viste NRK ein dokumentar om eit team beståande av ein designar og ei gruppe studentar som farta verda rundt på jakt etter tekstiler til ein ‹‹verdenskjole››. Stoffbitane vart sette saman til eit globalt kunstverk i sin eigen rett, og i alt tekstilmylderet finn vi ein liten blå, håndfarga bit tøy frå Afrika.

I dokumentaren kunne ein sjå designaren gå frå bod til bod, butikk til butikk, på jakt etter dette berømte blå tøyet, som var så karakteristisk for området. Og rett nok hang det blått tøy overalt, men alt var importert frå vestlege produsentar. Den opphavelege, håndfarga varianten var nesten utrydda, fordi det importerte stoffet, i kraft av å vera rimelegare, hadde skvisa det lokale tøyet av markedet – med det resultat at det var vorte endå dyrare. Til opplysning fann dei til slutt ein bit av dette famøse blå stoffet, hjå ein av stoffhandlarane som enno holdt ved dei gamle tradisjonane.

Tekstilindustrien og den import/eksport som skjer mellom vestlege og afrikanske land, viser godt det skeive forholdet mellom dei respektive landa. Kanskje kan ein seie at det er denne skeivheita Yinka Shonibare vil visa med sine rom, møbler og klede. Og kanskje kan vi strekkja oss så langt som å seie at han på eit vis både retter noko av skeivheita opp, ved å vise rollene snudd opp ned som i African Dandy eller forsterker den, ved at han i same håndvending viser til at kolonitida var reell, strakk seg inn i moderne tid, og både var og er ei inntektskjelde for vesten, og ei utgift for dei afrikanske landa.

Kjelder:
Wikipedia,
www.yinka-shonibare.co.uk,
www.iss.co.za
Constiturional rights foundation (http://crf-usa.org)
Museum Boijmans van Beuningen (http://www.boijmans.rotterdam.nl)
www.africanfabric.co.uk