LEDER

«TIDA ER DEN BESTE læraren; diverre drep ho alle sine studentar.»
-ukjend
DET EINASTE VI KAN VITE sikkert om framtida er at vi alle skal døy og at alt skal gå til grunne. Likevel legg vi planar for morgondagen - basert på det vi antar kjem til å hende. Mange har ein filofax og fleire har ei klokke - både er måtar å konkretisere livet inn i eit system på. Slike hjelpemiddel får oss gjerne til å føle at vi har oversikt og kontroll over det som skal koma, kanskje særleg dersom vi er studentar og har litt uregelmessig kvardag. Fortida klistrar vi inn i fotoalbumet - eller dersom vi framleis vil henge med i framtida: på Facebook.com.

«ALT ER RELATIVT» sa Einstein, og det gjeld i høgste grad også framtida. Det er brei einigheit om at klimaet på jorda vil komme til å endre seg drastisk, jamvel at det har endra seg svært mykje allereie, og mange forsøker difor å finne ut kva som faktisk vil skje med klimaet vårt i framtida, slik at vi kan ordne opp i det no. Vil Bryggen stå under vatn to gonger for dagen om førti år? For mange er det kanskje meir påtrengande å finne ut kva ein skal ha til middag i dag enn å tenke over den slags spørsmål. Vi prioriterer framtida etter kor nær ho her; dess nærare vi kjem noko, dess høgare opp på prioriteringslista klatrar det.

TILVÆRET SOM STUDENT handlar i stor grad om framtida. Først og fremst kanskje om eksamenen, som gjerne har vore nedprioritert i lang tid, på lik linje med klimaspådomane, men også i ein litt større skala: om kva slags jobb vi vil komme til å få etter endt studium. Våre forventingar om framtida gir grobotn til mange kjensler; mellom anna von, spaning og det at vi gledar oss til noko. No er det kanskje ikkje så mange som gledar seg til eksamen, men utan framtida ville nok livet vore ganske innhaldslaust, så sjølv om ho berre er ei relativ førestelling, så har vi eigentleg ganske godt av å ha ho der. Det er faktisk ein annan ting vi kan vite sikkert om framtida: ho kjem.

Framtiden, den kommer