|
Er du interessert i eit allsidig og utfordrande yrke der samspelet mellom mennekse og maskin står i sentrum? Då er studiet Datateknikk det rette for deg! Studiet gir eit godt grunnlag for ei datafagleg yrkeskarriere. Programmering, databaser, nettverk og data grafikk er sentrale emne. Bruk av moderne dataverktøy og praktisk trening i velutstyrte laboratorier er vektlagt i utdanningen.
Etter 3 års fullførte studier oppnår du en Bachelorgrad.
ForkunnskaparOpptakskravet til 3-årig Dataingeniørutdanning er:
- generell studiekompetanse + 3MX/3MN og 2FY
- 2-årig teknisk fagskule
- Forkurs for ingeniør- og maritim utdanning
- Realkompetanse
- Dette er eit tilbod til deg som fyller 25 år i opptaksåret, og som ikkje har generell studiekompetanse. I tillegg til kravet om å vere 25 år, er det utarbeida eigne opptakskriterium for dei enkelte studia.
Innhald i studiet Høgskulen har avanserte visuelle simulatorar, spesielt innan skipsmanøvrering og skipsmaskineri, og fleire studium arbeider med 3D-modellering og visualisering. Studiet i datateknikk tek opp emne og har praktiske øvingar i arbeid med grafikk, visualisering og simulering. Simulatormiljøa ved Høgskolen i Ålesund er blant dei mest moderne i Europa.
Høgskolen i Ålesund har moderne datautstyr. Arbeidsplassane studentane bruker på studieretninga har PC-ar kopla til høghastighet datanett. I netta er det ulike dataressursar som UNIX- maskiner, fil- og databaseserverar, og ei rekkje programprodukt.
Fleire fag brukar internett aktivt i undervisinga. Studentane har tilgang til og blir oppfordra til å bruke nettet. Programutvikling er sentralt i studiet, og det blir brukt moderne utviklingsverktøy som:
- CASE-verktøy i systemering
- Moderne databaseverktøy
- .Net for WINDOWS
- Moderne visualiseringsverktøy
Spesielt sentrale emne
- Datanett og datakommunikasjon
- Installasjon og drift av datanett
- Systemutvikling og programmering
- Grafisk visualisering/simulering
Spesialiserande fagområde
- Databaser - spes. SQL
- Systemutvikling under WINDOWS
- Vidaregåande datakommunikasjonsfag
- Systemprogrammering og driftsfag
- Avansert grafikk og simulering
Jobbar du kan få
- Planlegging, systemutvikling og programmering
- Drift av EDB-anlegg
- Kjøp, sal og marknadsføring av datautstyr
- Undervisning
|
Nyttige linker Studie- og fagplanerIKT - seksjonen Serviceerklæring Biblioteket
Ålesund StudentsamfunnStudentavisa "Påssten" Studentparlamentet Studentsamskipnaden Samordna opptak Søkerhandbok / søknadsskjema
| | Norges største visualiseringsteater. 170 m2 halvsylyndrisk lerret
|
| |