Kontakt

Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11,
6101 Volda

Postmottak@hivolda.no
Til kontaktsider

 

 

Gledeleg nyhende til dei som vil studere friluftsliv eller idrett ved Sunnmørsalpane!

<



Seksjon for idrett og friluftsliv har meir enn 35 års erfaring med høgskuleutdanning innan kroppsøving, idrett, leik og friluftsliv. 

Seksjon for idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda utvidar tilbudet f.o.m hausten 2009

Vi vil no tilby både grunnutdanning og fordjuping i friluftsliv. Begge er årstudium. Året med grunnutdanning tek sikte på å gi studentane erfaringar og kjennskap til friluftsliv med den ville og vakre Sunnmørsnaturen som ramme. Studentane vil få grunnleggande ferdigheiter innanfor mange område, t.d segling, klatring, bre, snøskred, padling, kameratredning, førstehjelp, vinterfriluftsliv og vårskiturar. Som tidlegare kan ein framleis studere friluftsliv som samlingsbasert deltidsstudium. 

Eit årsstudium med fordjuping i friluftsliv vil gi deg djupare fortsåing av rettleiing i friluftsliv og meir innsikt i ferdsel på bre, i bratt lende, og skredlære. Du kan og fordjupe deg i friluftslivaktivitetar du har spesiell interesse for t.d. havkajakk, elvepadling og tilverking av eige utstyr. Fordjupingsturen kan og leggast til Svalbard eller Sveits (Davos) der høgskulen samarbeider med erfarne rettleiarar.

Innanfor idrett vil du, i tillegg til eit veletablert årsstudium på grunnivå, kunne ta fordjuping frå komande haust. I det nye fordjupingsstudiet, som går over eit studieår, vil du arbeide med emna prestasjonsutvikling, ski, helse og bacheloroppgåve. Emnet ski kan gi kompetanse som skileikleiar og trenar I og II i alpint og telemark, dette innanfor Norges Skiforbund sin utdanningsstige. For dei som vil studere idrett og samtidig ha ei rik fritid, så er dette det rette studiet.

Alle desse studia kan nyttast i ei bachelorgradsoppbygging, og gir rett til vidare mastergradsstudium.

Bachelorgradsstudiet kvalifiserer studentane for arbeid i frivillig, organisert og uorganisert idrett/kroppsøving/friluftsliv. Aktuelle arbeidsstader vil vere offentlege og private tiltak innan fritidssektoren, vaksenopplæring, reiseliv/turisme, kultur- og miljøforvaltning og Forsvaret. Studiet vil òg gi eit godt grunnlag for arbeid innan førebyggjande helsearbeid, arbeid med barn og unge med sosiale vanskar, og rehabilitering. Val av emne og fordjuping i studia avgjer kompetansenivået og gir føringar for yrkeskvalifiseringa. For å få formell undervisningskompetanse i skuleverket må ein byggje på med 1-årig Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Studiestaden Volda ligg omkransa av steile fjell og djupe fjordar. Sunnmørsalpane omkransa av fjordar og hav, med  t.d surfemoglegheiter på Stadt, verkar som trekkplaster på mange studentar. Studentane er aktive i friluftsaktivitetar, som mellom anna skikøyring, klatring, surfing og beachvolleyball. Mange er også med i ulike lag og foreiningar, td. friluftsforeininga Natura, som har mange medlemmar og er mykje på tur. Ein konsentrert campus gir eit tett miljø, der studentar frå ulike utdanningar møtes, og gir kvarandre impulsar både fagleg og sosialt.

Berre nokre få kilometer frå Volda ligg Yksnøybasen vår, som er utgangspunkt for undervisning i kystfriluftsliv, m.a. segling.

HVO har lange og kjente tradisjonar for friluftsliv og idrett, med eit godt etablert fagmiljø. Vi har utdanna studentar i idrett og friluftsliv sidan 1970. Erfarne og engasjerte lærarar vil undervise og rettleie deg.

På vegne av Seksjon for idrett og friluftsliv, Ola Einang, tindevegleder og høgskulelektor 
e-post: Ola.Einang@hivolda.no, tlf.: 70075256

Seksjonsleiar og bachelorkoordinator  Elisabeth Innselset – tlf. 70 07 5323 
 
   Historia         Faglenkjer           Faglærarar

                

Kajakkpadling i Hjørundfjorden, Sunnmørsalpane- Foto: Miranda Tømmerbakk
Kajakkpadling i Hjørundfjorden, Sunnmørsalpane
Foto: Miranda Tømmerbakk

 
Kreativ dans!
Foto: Elisabeth Innselset

             
Danseundervisning i idrettshallen
Foto: Elisabeth Innselset



Tips ein ven om denne sida:

Kommentar
Mottakaren sin e-post Din e-post
Del

Høgskulen i Volda Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda | Telefon: 70 07 50 00 | Telefaks: 70 07 50 51 | Kontakt oss
Oppdatert av Aud Marit Sofie Wigg 2009-04-03 15:29:54 | Publisert med NetEd : Publish

 

 

Vikersund

 

 

AKF Aktuelt