Formålet med kjøpet er å etablere ei startplattform for ein offentleg språkbank.
Kvifor ein offentleg språkbank? For å sikre norsk språk ei framtid i den digitale tidsalderen, til beste for nordisk språkforsking og for kommersiell utvikling av programvare som nyttar tale eller tekst. Dei fleste land har alt etablert slike språkbankar. Det offentlege investerer i dette fordi det er ein del av den nasjonale infrastrukturen. Brukarar som Telenor og Nasjonalbilbioteket og andre ventar på å få ta språkbanken i bruk.
Kva er kjøpt? Eit grunnlag for ein framtidig språkbank, mellom anna i form av norsk og svensk tale innsamla, lagra og systematisert av Nordisk Språkteknologi på Voss gjennom fleire år. Dette materialet skal gjennomgåast og førebuast til bruk for forskarar og utviklarar.
Korleis er organiseringa i dag? Ei styringsgruppe av dei fem eigarane har ansvaret for materialet frå kjøpet og fram til det går inn som del av ein framtidig offentleg språkbank. Medlemmer av styringsgruppa er: Sverre Spildo, UiB; Arne Laukholm, UiO; Torbjørn Svendsen, NTNU; Sylfest Lomheim, Språkrådet og Roar Fundingsrud, IBM. Universiteta representerer dei tre største språkteknologiske miljøa i dag, Språkrådet gir råd om norsk språk og IBM har avstått frå å gjere krav på sine immaterielle rettar i buet og stiller dei vederlagsfritt til rådvelde for ein offentleg språkbank. Korleis skal språkbanken finansierast? I St.meld. nr. 17 (2006-2007) er det nemnt at samla kostnad for ein språkbank er rekna til om lag 100 millionar kroner over fem år. Ved at det eksisterande grunnlaget for en språkbank no blir stilt til rådvelde for det offentlege, er det grunn til å tru at samla kostnad blir noko mindre, om lag 80 millionar kroner over fem år. Av dette trengst om lag 10 millionar fyrste året. Denne satsinga indikerer det ambisjonsnivået ein treng for å få storleik på banken. Seinare vil deler av drifta kunne bli finansiert av brukarane, Ei utgreiing frå 2002 og tidlegare handsaming i Stortinget har meir om dette (sjå nedanfor).
Konklusjon Styringsgruppa viser til St.meld. nr. 17 (2006-2007) der det heiter:
«Dei norske språkteknologiske fagmiljøa (universiteta, Forskingsrådet og Språkrådet) står samla bak eit uttalt behov og ønske om at ein nasjonal språkbank blir etablert.»
På denne bakgrunn ber ein komiteen støtte initiativet fra dei fem eigarane med sikte på å etablere ein offentleg norsk språkbank.
***
Dokument:1. St.meld. nr. 48 (2002–2003)
2. Innst. S. nr. 155 (2003–2004)
3. «Samling og tilgjengeliggjøring av norske språkteknologiressurser» Prosjektgruppe oppnemnd av Kultur- og kyrkjedepartementet. Rapport, oktober 2002
4. Norsk språkbank – utredning om et nasjonalt korpus for språkteknologi (1999)
5. Notat til høring i Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen 19. januar 2004



